Arbeidssøking

Eg ønskjer å arbeide som au pair i utlandet. Kvar finn eg informasjon?

På Nav.no finn du informasjon om å arbeide som au pair eller praktikant i utlandet. Du finn oversikt over byrå som formidlar au pair-jobbar, jobbdatabasar der du finn familiar som søkjer au pair, informasjon om trygderettar og ei sjekkliste over kva du du bør ordne før du dreg.

Du finn også informasjon om au pair på Den europeiske ungdomsportalen.

Eg ønskjer å søkje arbeid i eit land utanfor Europa. Korleis går eg fram?

Ta kontakt med landet sin ambassade i Noreg .

Nav Internasjonalt kan gje deg informasjon om trygderettar i Noreg.

Korleis kan eg få utdanninga mi frå utlandet godkjend i Noreg?

For å få vurdert om den utanlandske utdanninga di blir likestilt med høgare norsk utdanning, må du sende ein søknad til Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Dei vurderer omfanget av utdanninga og kva det tilsvarar i studiepoeng, studieår eller om det tilsvarar eit bachelor- eller masterstudium i Noreg. For å få utdanninga godkjent må ho ha vore teken ved ein godkjend eller akkreditert høgare utdanningsinstitusjon i utlandet. Blir utdanninga godkjend, vil du få tilsendt eit godkjenningsdokument som du kan bruke ved søknad på stillingar

Treng du å få godkjent at det faglege innhaldet i den utanlandske utdanninga di kan vere ein del av eit vidare utdanningsløp i Noreg, må du kontakte skulen eller universitetet der du vil ta vidare studium.

Har du ei fag- eller profesjonsutdanning frå utlandet som for eksempel lærar eller lege, må du få utdanninga autorisert av eit godkjenningskontor for å kunne praktisere i tilsvarende yrke i Noreg.

Gå til toppen

Arbeidstakar

Har eg krav på feriepengar?

Du finn informasjon på Arbeidstilsynet si faktaside om feriepengar. Du kan også kontakte Arbeidstilsynets svarteneste på telefon 815 48 222.

Har eg rett til fri frå arbeid for å gå i gravferd?

Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet for å gå i gravferd. Dei lovbestemte rettane til fri frå arbeid finn du i arbeidsmiljølova, kapittel 12 Rett til permisjon . Fri frå arbeidet i samband med gravferd må derfor anten vere avtalefesta i tariffavtale eller lokalt permisjonsreglement, eller avtalast direkte med arbeidsgjevar.

Har eg rett til å få overført delar av ferien min til neste år?

Du kan avtale å overføre inntil to veker ferie til neste ferieår (kalenderår), men du har ikkje krav på dette. Dersom sjukdom hindrar deg i å avvikle ferien innan ferieåret er omme, kan du som arbeidstakar krevje å få overført inntil to veker ferie til neste år. Eit slikt krav må du fremje før året er omme.

Ferie som i strid med føresegnene i lova ikkje er avvikla innan utløpet av ferieåret, skal overførast til neste ferieår.

Du finn meir informasjon om avvikling av ferie på Arbeidstilsynet sine faktasider om ferie . Har du fleire spørsmål om ferie, kan du kontakte svartenesta til Arbeidstilsynet på telefon 815 48 222.

Har eg rett til å gå heim når det er særs varmt på arbeid?

Du har ikkje rett til å gå heim frå arbeidet. Dersom du ønskjer pausar, forskyvd arbeidstid, eller eventuelt å avbryte arbeidet, må du avtale dette med arbeidsgjevaren.

Lov eller forskrifter inneheld ingen faste temperaturgrenser, men Arbeidstilsynet tilrår at temperaturen blir halden under 22°C ved fysisk lett innearbeid i periodar med oppvarmingsbehov. Temperatur under 19° eller over 26° skal ein unngå.

Les meir om varme og kulde på jobben på faktasidene til Arbeidstilsynet.

Har eg rett til å vere heime med eit sjukt barn?

Den enkelte arbeidstakaren har rett på inntil 10 dagar permisjon med lønn pr. år til og med det året barnet fyller 12 år. Dersom du er åleine om omsorga for barnet, har du rett på inntil 20 dagar. Har du tre eller fleire barn, har du rett på inntil 15 dagar. Dersom du har eit kronisk sjukt barn, har du utvida rettar. Reglane finn du i arbeidsmiljølova § 12-9 og folketrygdlova § 9-6 .

Kva er minstelønna i Norge?

Noreg har ikkje ei nasjonal lovfesta minstelønn.

Minstelønn i Noreg blir fastsett mellom partane i arbeidslivet, og ho er nedfelt i tariffavtalen for det spesifikke området du jobbar innan. Enkelte tariffavtalar gjeld for alle som jobbar innan eit spesifikt område, sjølv om du ikkje er del av denne tariffavtalen. Slike tariffavtalar kallar vi for allmenngjorde tariffavtalar, og følgjande område har allmenngjorde tariffavtalar . Minstelønn i Noreg vil altså variere etter kva for område du jobbar innan.

Det er Arbeidstilsynet som fører tilsyn med at reglane for minstelønn blir følgde.

Kvar finn eg forslag til standard arbeidsavtale?

Du finn forslag til standard arbeidsavtale på nettsidene til Arbeidstilsynet. Avtalen finst på ni språk i tillegg til nynorsk og bokmål.

Kvar finn eg informasjon om lønnsgarantiordninga?

Du finn informasjon om lønnsgarantiordninga på nettsidene til Nav. Lønnsgarantien skal sikre at du får utbetalt lønn, feriepengar osv. som du påviseleg har til gode, men som arbeidsgivaren ikkje er i stand til å betale.

Kvar finn eg lønnstabellen for arbeidstakarar i staten?

Du finn hovudlønnstabellen for arbeidstakarar i staten på nettsidene til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Kvar finn eg skjema for reiserekning?

Den elektroniske reiserekninga (for Statens reiseregulativ) ligg ute på nettsidene til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD).

Kvar finn eg statens satsar for reiser i jobbsamanheng?

Du finn særavtale for reiser innanlands for statens rekning på nettsidene til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Der finn du også særavtale for reiser utanlands for statens rekning og utanlandsregulativet med satsar for nattillegg og kostgodtgjersle.

Gå til toppen

Arv

Er det utforma skjema for testament?

Det finst ikkje eit eige skjema eller formular for testament, men du kan finne forslag til utforming av testament ved hjelp av ein søkemotor. I andre del av arvelova - arv etter testament finn du krav til korleis eit testament skal setjast opp for å vere gyldig.

Kva er det årlege fribeløpet for gåver til nærståande?

Kvart år kan du avgiftsfritt gje gåver til nærståande tilsvarande halvparten av grunnbeløpet i folketrygda (1/2 G). Gåver til nærståande er i utgangspunktet avgiftspliktige. Men det er ein del unntak for avgiftsplikta. Les meir om når arv eller gåve er avgiftspliktig eller ta kontakt med skattekontoret dersom du ønskjer meir informasjon.

Storleiken på grunnbeløpet finn du på nettsidene til Nav.

Kva må til for at eit testament skal vere gyldig?

Testament treng ikkje tinglysast, men arvelova set visse krav til korleis eit testament blir oppretta. Eit vanleg skriftleg testament må vere underskrive samstundes av testator og to testamentsvitne. Vitna må ikkje vere i slekt med eller ha nær tilknyting til nokon som blir tilgodesedd i testamentet. Du finn meir informasjon om kva krav som blir stilte for at eit testament skal vere gyldig, i arvelova del 2 - arv etter testament. På nettsidene til Oslo byfogdembete finn du informasjon om oppretting og oppbevaring av testament .

Kvar finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet?

Du finn ei oversikt over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet.

Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing. Tenesta er gratis og blir tilbydd i alle kommunane i landet. Det er uforpliktande for dei som tek kontakt, og konfliktrådet har teieplikt.

Konfliktrådet hjelper med å løyse tvistar ved mekling. Nabokonfliktar, familietvistar og saker knytt til arbeidsforhold, underslag, arv og skifte er døme på saker konfliktrådet kan hjelpe med .

Kvar kan eg finne informasjon om arv og skifte?

Du finn informasjon om dødsfall og arv på Domstol.no og om arv på nettsidene til Justis- og politidepartementet. Ønskjer du meir informasjon eller rettleiing om korleis du skal gå fram i slike saker, kan du kontakte tingretten/byfuten . Bruk 'Ditt nærområde' på Noreg.no for å finne ut kva tingrett du høyrer til (sjå nedst på sida du får opp), og ei temaside om arv.

Kvar kan eg finne satsane for arveavgift?

Du finn satsane for arveavgift for 2012 på nettsidene til skatteetaten. Her finn du også generell informasjon om avgift på arv og gåver. Har du spørsmål om arveavgift, kan du kontakte nærmaste skattekontor.

Kvar kan eg få ein skifteattest?

Det er tingretten, i Oslo byfuten, som skriv ut skifteattestar. For å få skifteattest må arvingene sende inn utfylt og underteikna skifteerklæring ('Erklæring om privat skifte av dødsbo') til tingretten eller byfuten i den rettskrinsen den avlidne budde. Retten sender så skifteattest tilbake til arvingane.

Du kan bruke Ditt nærområde på Noreg.no for å finne riktig tingrett .

Ein treng skifteattest når ein skal gjennomføre eit privat skifte. Skifteattesten gjev arvingane rett til å disponere over den avlidne sine eigendelar og starte buarbeidet, til dømes avslutte bankkonti og selje bustaden.

Kven må sende inn gåvemelding, og kvar finn eg skjema for dette?

Både den som gjev ei gåve og den som får ei gåve har ansvar for å sende inn gåvemelding. Du finn skjema for utfylling og meir informasjon om korleis du gjer dette på sidene til skatteetaten om avgift på arv og gåver.

Gå til toppen

Barnevern og familievern

Kan eg klage på eit vedtak som barnevernet i kommunen har gjort?

Ja, du kan klage på vedtaket. Klagen skal du sende til kommunen (eller bydelen) som har avslege søknaden. Dersom barnevernstenesta i kommunen ikkje finn grunn til å endre vedtaket, går klagen til Fylkesmannen i det fylket du bur i.

Fylkesmannen er klageinstans for einskiltvedtak i kommunen. Fylkesmannen fører tilsyn med barnevernet og skal mellom anna sjå til at barnevernet set i verk dei oppgåvene dei er pålagt å gjere etter barnevernlova.

Du finn meir informasjon om klage og klagebehandling på barnevernområdet på nettsidene til Statens helsetilsyn.

Kvar finn eg kontaktinformasjon til familiekontoret?

Du finn ei oversikt over familiekontora i landet på nettsidene til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat.no).

Du kan også finne ut kva familiekontor du høyrer til ved hjelp av Noreg.no. Skriv inn kommunenamn eller postnummer i feltet og klikk på Familievernkontor i den lista du får opp.

Kven kan få valdsalarm og korleis?

Har du vore eller er utsett for vald eller alvorlege trugsmål, bør du melde frå til politiet. Politiet skal då vurdere behovet for vernetiltak. Aktuelle tiltak kan vere å utstyre deg med mobil valdsalarm som varslar politiet når du utløyser han. Andre tiltak kan vere besøksforbod og vern av personopplysningar. Les meir om familievald på nettsidene til politiet, og kontakt politiet på telefon 02800 for å få nærmare opplysningar.

Gå til toppen

Bustad og eigedom

Finst det eigedomsinformasjon på Internett?

Statens kartverk har laga eit oversyn over nettstader med eigedomsinformasjon.

Kan eg klage på eit vedtak kommunen har gjort?

Du har rett til å klage på eit enkeltvedtak som kommunen har gjort. Eit enkeltvedtak er eit vedtak som gjeld rettar og pliktar til ein eller fleire personar. Klagen skal sendast til kommunen , som kan omgjere vedtaket sitt heilt eller delvis. Du har og klagerett på eit eventuelt nytt vedtak som kommunen gjer. Dersom kommunen vel å halde fast på vedtaket sitt, går klagen til fylkesmannen. Det er forvaltningslova som regulerer dette. Fylkesmannen er klageinstans for enkeltvedtak i kommunen.

Kvar får eg informasjon om bustadnummer og adressemerke?

Det er kommunen din som tildeler bustadnummer. Du finn kontaktpersonar i kommunen din og informasjon om bustadnummer på nettsidene til Statens kartverk.

Bustadnummeret gjev husværet ditt ei adresse som berre det har. Bustadnummeret består av ein bokstav og fire tal. Det står på eit adressemerke som skal vere klistra på innsida av dørkarmen på ytterdøra di. Bokstaven og de to første tala seier kva etasje husværet ligg i, og dei to siste kva nummer husværet har i etasjen, rekna frå venstre mot høgre. Sjå informasjon frå skatteetaten.

Kvar får eg tak i bustadattest ("bustadsbevis")?

Treng du bustadattest, t.d. for å stadfeste sambuarskap eller butid i Noreg, kan du tinge dette frå skattekontoret, tlf. 800 80 000.

Kvar kan eg finne informasjon om tomtefeste?

På nettsidene til Justis- og politidepartementet finn du ei rettleiing om regulering av festeavgift. Sjølve tomtefestelova finn du på Lovdata.no.

Treng du vidare hjelp til å tolke lova og forskriftene, kan du kontakte Tomtefesterforbundet eller Huseiernes Landsforbund. Desse organisasjonane yter juridisk hjelp til medlemmene sine.

Kven skal eg kontakte for å få tinglyst eit dokument?

Fast eigedom skal tinglysast hos Statens kartverk i Hønefoss.

Ektepakter og hefte i lausøyre
skal tinglysast i Brønnøysundregistra.

Gå til toppen

Butilbod og omsorgstilbod

Blir formuen rekna med når eigenbetalinga for opphald på sjukeheim blir fastsett?

Nei, sjølve formuen blir ikkje teken med i grunnlaget for utrekning av av vederlaget.

Vederlaget for opphald i kommunale institusjonar blir rekna ut på grunnlag av inntekta. Eventuelle renter av formue blir rekna som inntekt, medan sjølve formuen ikkje blir teken med. Det blir heller ikkje lotterigevinst eller gevinst ved sal av bustad. Les om eigenbetaling på Helse- og omsorgsdepartementet sine sider.

Ønskjer du meir informasjon, kan du ta kontakt med kommunen eller Fylkesmannen.

Har eg rett til bustønad og når er fristen for å søkje?

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter.

På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om bustønadsordninga , og du kan rekne ut kor stor bustønaden vert . Du finn også informasjon om tilskot og lån til bustadføremål frå Husbanken.

Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer den 10. i den etterfølgjande månaden.

Søknad om bustønad skal sendast til kommunen din. I Oslo sender du søknaden til bydelen din. Du finn søknadsskjema på nettsidene til Husbanken.

Korleis klagar eg på eit avslag på bustønad?

Klage på avslaget skal du sende til kommunen din. Fristen er 3 veker frå den dagen du fekk vedtaket. Saksbehandlaren din i kommunen kan hjelpe deg å klage.

På nettsidene til Husbanken finn du meir informasjon om klage på bustønadsvedtak .

Korleis klagar eg på eit avslag på hjelp og avlastning?

Klage på eit avslag på søknad om hjelp og avlastning skal du sende til kommunen som har avslege søknaden. Du kan også klage dersom kommunen berre delvis har innvilga søknaden eller stetta søknaden på ein annan måte enn det du ønskte.

Kommunen skal alltid grunngi avslaget, mellom anna med kva fakta som kommunen meiner var avgjerande for at søknaden vart avslegen.

På nettsidene til Statens helsetilsyn finn du informasjon om kva som skal takast med i klaga og korleis du kan klage vidare dersom kommunen ikkje endrar vedtaket.

Korleis klagar eg på eit avslag på sjukeheimsplass?

Klage på eit avslag om sjukeheimsplass skal du sende til kommunen som har avslege søknaden. Du kan også klage dersom kommunen berre delvis har innvilga søknaden eller stetta søknaden på ein annan måte enn det du ønskte.

Kommunen skal alltid grunngi avslaget, mellom anna med kva fakta som kommunen meiner var avgjerande for at søknaden vart avslegen.

Dersom kommunen ikkje finn grunn til å endre vedtaket, vidaresender kommunen klagen din til Fylkesmannen i det fylket du bur i.

På nettsidene til Statens helsetilsyn finn du informasjon om klage og klagebehandling.

Kven har rett på avlastning?

Har du særleg tyngande omsorgsoppgåver, kan du ha rett på avlastning. Avlastning skal gjere det mogleg for omsorgsytar å oppretthalde gode familierelasjonar, halde på sosiale nettverk og gje nødvendig og regelmessig fritid og ferie.

Avlastning kan verte gjeve både i private heimar og i særskilte kommunale tiltak, til dømes i sjukeheim. Avlastning er hjelp til omsorgsytar, i motsetning til kortidsopphald som er helsehjelp til den omsorgstrengande. Søknad om avlastning skal sendast til kommunen .

Du finn meir informasjon om avlastning på nettsidene til Helsetilsynet.

Kven har rett til omsorgslønn og kvar søkjer eg?

Omsorgslønn er ei kommunal betaling til pårørande eller frivillige omsorgsytarar med omsorg for personar som har stort omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming eller sjukdom. Hjelpa må ytast i eigen heim.

Ingen har vilkårslaus rett til omsorgslønn, men kommunen har plikt til å ha ei slik ordning. Kommunen kan ikkje avslå ein søknad fordi han ikkje har ei slik ordning eller ikkje har sett av nok pengar på budsjettet, men kommunen kan tilby andre tenester for å dekkje omsorgsbehovet. Du finn meir informasjon om omsorgslønn på nettsidene til Helsetilsynet og i rundskriv om omsorgsløn .

Søknad om omsorgslønn skal sendast til kommunen .

Gå til toppen

Byggje

Korleis kan eg finne fram til godkjende fagfolk når eg treng handverkar?

Godkjende handverkarar med meisterbrev kan du finne ved å søkje i Mesterregisteret . På nettsidene finn du også råd og informasjon om val av handverkar og informasjon om kva meisterbrev er.

Oversikt over rettane dine finner du på Forbrukerportalen.no.

Kven kan få startlån og kor søkjer eg?

Personar som ikkje får lån frå private bankar eller som manglar eigenkapital, til dømes unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma eller flyktningar, kan søkje om startlån. Husbanken har utfyllande informasjon om startlån.

Søknaden skal sendast til eigen kommune/bydel. Nokre kommunar tilbyr elektronisk søknadskjema, dei andre bruker søknadskjema til nedlasting (PDF). Det er opp til kommunen å vurdere om det skal innvilgast startlån og kor stort lånet blir.

Gå til toppen

Dødsfall

Har eg rett til fri frå arbeid for å gå i gravferd?

Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet for å gå i gravferd. Dei lovbestemte rettane til fri frå arbeid finn du i arbeidsmiljølova, kapittel 12 Rett til permisjon . Fri frå arbeidet i samband med gravferd må derfor anten vere avtalefesta i tariffavtale eller lokalt permisjonsreglement, eller avtalast direkte med arbeidsgjevar.

Kva opplysningar kan eg få frå folkeregisteret?

Som privatperson får du som hovudregel ikkje utlevert opplysningar som ikkje gjeld deg sjølv. Men det finst enkelte unntak, mellom anna når opplysningane er nødvendige for å sikre rettar og plikter. Du finn informasjon om kven som kan få kva opplysningar frå folkeregisteret på nettsidene til skatteetaten.

Kvar finn eg informasjon om gravferdsseremoniar?

Trus- og livssynssamfunn kan gje informasjon. Informasjon om gravferd i regi av Den norske kyrkja finn du på kyrkja.no . Ønskjer du ein gravferdsseremoni utan religiøst innhald, kan du velje humanistisk gravferd.

Gå til toppen

Erstatningsordninger

Billighetserstatning, kvar finn eg informasjon?

"Billighetserstatning" heiter no rettferdsvederlag. Informasjon om rettferdsvederlag finn du på nettsidene til Statens sivilrettsforvaltning.

Kva ansvar har eg som forelder dersom barnet mitt gjer skade på andre sin eigedom?

Barn og unge under 18 år har plikt til å erstatte skade som dei er årsak til, anten skaden er utført med vilje eller uaktsamt. Foreldra må betale inntil kr 5 000 for kvar enkelt skadehandling barnet gjer. Dei fullstendige reglane om dette finn du i lov om skadeserstatning.

Kvar finn eg invaliditetstabellen?

Arbeidsdepartementets invaliditetstabell er ein del av Forskrift om menerstatning ved yrkesskade.

Kven kan søkje om valdsoffererstatning?

Er du blitt overfalt, slått ned, valdteken eller på annan måte utsett for ei straffbar handling som krenkar livet, helsa eller fridomen, kan du ha rett til erstatning frå staten. Dersom valdsofferet døyr, kan dei etterlatne få erstatning. Du finn meir informasjon på nettsidene til Kontoret for valdsoffererstatning .

Gå til toppen

Etablering

Kor kan eg få informasjon om etablering av eiga bedrift?

Du finn informasjon om å starte eiga bedrift på Altinn sine sider om å starte og drive bedrift . Tidlegare var det Bedin som hadde bedriftsinformasjon. For å få hjelp på direkten kan du framleis kontakte Narviktelefonane på telefon 800 33 840. Finn du ikkje svar på nettsidene, kan du også sende spørsmål på e-post

Gå til toppen

Familie

Kor store utgifter har ein familie til mat og klede?

I SIFOs standardbudsjett finn du kor store dei alminnelege forbruksutgiftene er for ulike typar husholdningar. Her er det t.d. ei oversikt over kor store utgifter ein må rekne med til mat og drikke, klede og sko for barn og unge i ulike aldrar.

Kvar finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet?

Du finn ei oversikt over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet.

Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing. Tenesta er gratis og blir tilbydd i alle kommunane i landet. Det er uforpliktande for dei som tek kontakt, og konfliktrådet har teieplikt.

Konfliktrådet hjelper med å løyse tvistar ved mekling. Nabokonfliktar, familietvistar og saker knytt til arbeidsforhold, underslag, arv og skifte er døme på saker konfliktrådet kan hjelpe med .

Kvar finn eg kontaktinformasjon til familiekontoret?

Du finn ei oversikt over familiekontora i landet på nettsidene til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat.no).

Du kan også finne ut kva familiekontor du høyrer til ved hjelp av Noreg.no. Skriv inn kommunenamn eller postnummer i feltet og klikk på Familievernkontor i den lista du får opp.

Gå til toppen

Flytte

Kan eg ha ulik bustadadresse og postadresse i folkeregisteret?

Ja, det kan du. Den beste måten å få ordnet dette på, er å sende skjemaet Melding om ny eller endra postadresse RF -1445 til folkeregisteret ved skattekontoret.

Folkeregisteret gjev ikkje melding til Posten om den nye adressa di. Du må sjølv melde adresseendring til Posten for at posten din skal komme fram.

Korleis får eg registrert ny adresse i utlandet?

Skatteetaten krev at du sender flyttemelding når du flyttar utanlands. Dersom du under utanlandsopphaldet flytter til ei ny adresse utanfor Noreg, kan du sende melding til skatteetaten om dette.

Registrering av den nye adressa di i utlandet sender du på flyttemeldingsskjema RF-1454 . Legg ved kopi av legitimasjon og send dette til eit vilkårleg skattekontor i Noreg.

Folkeregisteret gjev ikkje melding til Posten om den nye adressa di. Du må sjølv melde adresseendring til Posten for at posten din skal komme fram.

Korleis kan eg registrere meg som pendlar?

Du vert rekna som pendlar når du på grunn av jobb må pendle mellom heim og bustad på arbeidsstaden. For å bli vurdert som pendlar må du i tillegg til å sende flyttemelding leggje ved ei grunngjeving for at du skal vere registrert som pendlar. Flyttemeldinga skal sendast til skattekontoret ditt (folkeregisteret er ein del av skattekontoret). Les meir om pendlarar i brosjyren frå skatteetaten. Skattekontoret kan gje nærmare informasjon.

Kvar finn eg informasjon om flytting i Norden?

Internettportalen Hallo Norden har informasjon til dei som skal flytte til eit anna nordisk land. Landa i Norden har ein folkeregistreringsavtale som seier at du berre skal vere registrert éin stad, og at det er tilflyttingslandet sine reglar som gjeld. Portalen vender seg både til privatpersonar, næringsliv og myndigheiter. Du kan også sende spørsmål til Hallo Norden.

Den nordisk trygdeportalen, www.nordsoc.org , gjev informasjon om trygdereglane for personar som bur, arbeider eller studerer i eit anna nordisk land. Du finn informasjon om kva for eit land sine lovreglar som gjeld i ulike situasjonar og kva trygdeytingar du kan ha rett til.

Nordisk ministerråd står bak Hallo Norden-portalen, medan trygdemyndigheitene i dei nordisk landa har laga trygdeportalen.

Kvar får eg tak i bustadattest ("bustadsbevis")?

Treng du bustadattest, t.d. for å stadfeste sambuarskap eller butid i Noreg, kan du tinge dette frå skattekontoret, tlf. 800 80 000.

Kvar skal eg melde flytting?

Flytting skal meldast til skattekontoret. Du kan melde flytting på Internett eller sende flyttemelding på papir til desse skattekontora . Melder du flytting på papirskjema, må du leggje ved kopi av gyldig legitimasjon. På nettsidene til skatteetaten finn du meir informasjon om flytting .

Folkeregisteret gjev ikkje melding til Posten om den nye adressa di. Du må sjølv melde adresseendring til Posten for at posten din skal komme fram.

Kven har plikt til å melde flytting?

Alle som flyttar innan kommunen, mellom norske kommunar, eller til Noreg frå utlandet eller til utlandet, pliktar å gje melding til skattekontoret. Alle i familien eller husstanden må melde flytting.

Det gjeld spesielle reglar mellom anna for skuleelevar, studentar, vernepliktige og pendlarar. Ta kontakt med skattekontoret for å få informasjon.

Flyttar du frå Noreg til eit anna nordisk land , skal du melde dette direkte til folkeregistermyndigheitene i innflyttingslandet. Du treng altså ikkje lenger melde utflytting til det norske folkeregisteret (skattekontoret).

Alle som stiller husværet sitt til disposisjon for andre, skal melde frå om dei som flytter til eller frå husværet. Dersom du har forsikra deg om at den som flytter sjølv har levert flyttemelding, treng du ikkje melde frå.

Du finn meir informasjon om å melde flytting på nettsidene til skatteetaten. Der finn du også skjema og lenkje til levering av flyttemelding på nett .

Gå til toppen

Forbrukar

Eg får uønskt reklame på e-post. Kva kan eg gjere for å stoppe dette?

Det er forbode å sende ut reklame til personar via e-post utan å innhente samtykkje fra mottakaren på førehand. Får du slik uønskt reklame frå næringsdrivande i Noreg, kan du melde frå til Forbrukarombodet . Tekst- og multimediemeldingar til mobiltelefon (SMS og MMS) er også omfatta av dette regelverket.

På nettsidene til Forbrukarombodet kan du finne informasjon om markedsføringslova som regulerer dette.

Finst det offentlege register over kredittopplysingar om privatpersonar?

Det finst ikkje offentlege register over betalingsmerknader om privatpersonar. Kredittvurdering av privatpersonar blir utført av private firma. Det er berre det firmaet som har utført kredittvurderinga som kan bruke opplysningane, og du skal få skriftleg melding kvar gong opplysningane blir brukte.

Det er det aktuelle firmaet som også kan rette opp feilaktige opplysningar. Du finn ei liste over firma som har konsesjon til å drive kredittopplysningsverksemd på nettsidene til Datatilsynet.

Har eg rett til å få byte inn ei gåve eg har fått?

Byterett er ikkje regulert ved lov. Retten til byte kan anten avtalast med seljaren, eller retten følgjer av sedvane eller annan praksis i bransjen. På nettsidene til Forbrukarrådet, Forbrukerportalen.no, finn du informasjon om byte av varer.

Dersom det viser seg at du har kjøpt ei vare som har manglar, har du rettar etter forbrukerkjøpslova. Du har då rett til å få prisavslag, ny vare eller å få heva kjøpet, alt etter om mangelen er vesentleg eller ikkje. Du kan også krevje at seljaren reparerer vara utan kostnader for deg. Seljaren har elles rett til å prøve å reparere vara før han gir deg ei ny.

Les om varer med manglar på nettsidene til Forbrukarrådet. Her finn du også informasjon om rettane dine ved kjøp via postordre, telefon, Internett m.m.

Kan eg få sperra tilgangen til spel m.m. på telefonen til borna mine?

Alle teleselskap skal tilby sperreordningar til kundane sine. Dette betyr at alle kan blokkere eller avgrense tilgangen til innhaldstenester som til dømes ringjetonar og spel, og til å ringje utvalde nummer.

Du finn meir informasjon om sperreordning på telefonabonnement på nettsidene til Forbrukarrådet.

Dersom du mottek mobile innhaldstenester som du ikkje har bestilt, kan du klage. På nettsidene til Forbrukarombodet kan du lese om korleis du skal gå fram for å klage . Det er Brukarklagenemnda som er klageorgan i slike saker.

Kan eg reservere meg mot å få telefonkatalogen i papirformat?

Telefonkatalogen blir ikkje lenger gjeven ut i trykt utgåve. Gule Sider og Ditt Distrikt blir distribuert som uadressert reklame.

Dersom du har reservert deg mot uadressert reklame i postkassa, men likevel ønskjer å motta Gule Sider, kan du kontakte Eniro sitt kundesenter på tlf. 815 44 448 for å få katalogen tilsendt.

Du kan reservere deg mot adressert reklame i Reservasjonsregisteret ved Brønnøysundregistra.

Kor stor er inkassosatsen?

Du finn beløpet i forskrift om inkassosatsen . Les meir om inkasso på nettsidene til Forbrukarrådet.

Kor store utgifter har ein familie til mat og klede?

I SIFOs standardbudsjett finn du kor store dei alminnelege forbruksutgiftene er for ulike typar husholdningar. Her er det t.d. ei oversikt over kor store utgifter ein må rekne med til mat og drikke, klede og sko for barn og unge i ulike aldrar.

Korleis får eg retta opp i feilaktige kredittopplysningar om meg?

Kredittvurdering av privatpersonar blir utført av private firma. Du må derfor kontakte det aktuelle firmaet for å få korrigert opplysningane. Du finn ei liste over firma som har konsesjon til å drive kredittopplysningsverksemd på nettsidene til Datatilsynet.

Korleis kan eg finne fram til godkjende fagfolk når eg treng handverkar?

Godkjende handverkarar med meisterbrev kan du finne ved å søkje i Mesterregisteret . På nettsidene finn du også råd og informasjon om val av handverkar og informasjon om kva meisterbrev er.

Oversikt over rettane dine finner du på Forbrukerportalen.no.

Kva er rentesatsen for forseinkingsrenta?

Du finn rentesatsen for forseinkingsrenta (morarenta) på nettsidene til Finansdepartementet. Forseinkingsrenta er ei strafferente du kan bli kravd for dersom du betalar rekningane dine for seint.

Du kan lese meir om forseinkingsrenta på nettsidene til Finansdepartementet. Her finn du også ein kalkulator for berekning av forseinkingsrenta. Forseinkingsrentelova finn du på Lovdata.

Det er Finansdepartementet som kvart halvår fastset rentesatsen, med verknad frå respektive 1. januar og 1. juli. Satsen skal vere styringsrenta til Noregs Bank , tillagt minst 7 prosentpoeng. Noreg følgjer med dette opp eit EU-direktiv om forseinka betaling.

Kvar finn eg landkodane eg treng når eg skal ringje til utlandet?

På Gule Sider finn du ei oversikt over landkodane du treng når du skal ringje til utlandet. Du ringjer til utlandet ved å taste 00 + landkode + retningsnummer + nummeret du vil ringje.

Kvar kan eg få råd om økonomiske problem?

Økonomirådstelefonen i Nav gjev råd til alle som har eller står i fare for å få økonomiske problem. Telefontenesta skal vere hjelp til sjølvhjelp.

Ring 800 45 353. Det er det same som 800GJELD, det vil seie at tastaturbokstavane G - J - E - L - D samsvarer med tala 45353 på telefonen.

Du kan vere anonym som innringjar dersom du ønskjer det. Tenesta er gratis frå fasttelefon. Brukar du mobiltelefon eller kontantkort vil rådgjevarane tilby å ringje tilbake til deg.

Les meir om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving på nettsidene til Nav.

Kvar kan eg reservere meg mot telefonsal og reklame?

Du kan reservere deg mot telefonsal og adressert reklame i Reservasjonsregisteret ved Brønnøysundregistra.

For å unngå uadressert reklame levert av Posten må du merke postkassen tydeleg. Ved å kontakte Posten kan du få ein reservasjonslapp til å setje på postkassen din.

Må eg betale toll av gåver eg får frå utlandet via posten?

Sendingar frå utlandet med gåver mellom privatpersonar er toll- og avgiftsfrie så lenge verdien av sendinga er under 1000 kr. Men sendingar med restriksjonar eller særavgifter (til dømes tobakksvarer eller alkoholhaldige drikkevarer) må fortollast på vanleg måte.

For varer frå utlandet er grensa for toll- og avgiftsfritak 200 kr.

Les meir om fortolling av sendingar til privatpersonar på nettsidene til posten og om gåver frå utlandet på nettsidene til Tollvesenet.

Gå til toppen

Foreldre og barn

Eg ønskjer å tilsetje ein au pair. Korleis går eg fram?

UDI har informasjon om au pair-ordninga på nettsidene sine. Der finn du mellom anna informasjon om kven som kan få arbeidsløyve, krav til vertsfamilien og korleis ein kan søkje. Au pairen skal ha ein skriftleg arbeidsavtale som regulerer arbeidstida og gjev au pairen visse rettar, som rett til minimumslønn og høve til å delta i norskopplæring betalt av vertsfamilien. Les meir om dette i eit rundskriv frå UDI.

I løpet av 2012 vil det komme endringar i regelverket for au pair-ordninga. Blant anna vil au pairane få meir økonomisk støtte, og dei kan ikkje lenger ha eigne barn i heimlandet.

Har eg rett til permisjon ved tilvenjing av barn i barnehage eller skule?

Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet ved tilvenjing av barn i barnehage eller skule. Dei lovbestemte rettane til fri frå arbeid finn du i arbeidsmiljølova, kapittel 12 Rett til permisjon. Fri frå arbeidet i samband med skulestart eller oppstart i barnehage må derfor anten vere avtalefesta i tariffavtale eller lokalt permisjonsreglement, eller det kan avtalast direkte med arbeidsgjevar.

Vil du vite meir om reglane i arbeidsmiljølova om permisjon og rett til fri frå arbeidet, kan du kontakte Arbeidstilsynets svarteneste på telefon 815 48 222.

Har eg rett til å vere heime med eit sjukt barn?

Den enkelte arbeidstakaren har rett på inntil 10 dagar permisjon med lønn pr. år til og med det året barnet fyller 12 år. Dersom du er åleine om omsorga for barnet, har du rett på inntil 20 dagar. Har du tre eller fleire barn, har du rett på inntil 15 dagar. Dersom du har eit kronisk sjukt barn, har du utvida rettar. Reglane finn du i arbeidsmiljølova § 12-9 og folketrygdlova § 9-6 .

Korleis finn eg ut kva eg skal betale i barnebidrag?

Du finn informasjon om barnebidrag, inntektsgrenser, bidragsforskot og kva som ligg til grunn for satsane på Nav.no. Her kan du også sjølv rekne ut bidraget. Satsane for fastsetjing av barnebidrag blir justerte 1. juli kvart år.

Les også om barnebidrag på nettsidene til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Ta kontakt med det lokale Nav-kontoret dersom du treng meir informasjon eller hjelp til utrekninga. Det er Nav innkreving som står for innkrevjing og formidling av barnebidraget.

Kva ansvar har eg som forelder dersom barnet mitt gjer skade på andre sin eigedom?

Barn og unge under 18 år har plikt til å erstatte skade som dei er årsak til, anten skaden er utført med vilje eller uaktsamt. Foreldra må betale inntil kr 5 000 for kvar enkelt skadehandling barnet gjer. Dei fullstendige reglane om dette finn du i lov om skadeserstatning.

Kvar finn eg informasjon om bustad og samvær etter samlivsbrot?

Når foreldra ikkje bur saman, må dei ta stilling til kven av dei borna skal bu fast saman med og korleis samværsordninga skal vere. Born over 7 år skal få seie si meining. Les meir på nettsidene til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Kvar finn eg satsane for barnetrygd og kontantstøtte?

Du finn satsane for barnetrygd og kontantstøtte på nettsidene til Nav.

Gå til toppen

Forvaltning og styringsverk

Kor mange er tilsette i staten?

145 830 personar var tilsette i det statlege tariffområdet per 1. mars 2011 . Talet omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får lønns- og arbeidsvilkår fastsette etter staten sitt lønnsregulativ. Talet omfattar derfor ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap, statlege stiftelsar eller andre organisasjonar som staten eig, og heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar på kategorilønn og personar lønna per time eller etter overeinskomst.

Talet er henta frå ei oversikt i vedlegg 1 i Prop. 1 S (2011–2012) frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Oversikta over tilsette i staten viser mellom anna kjønnsfordeling på heiltid, deltid og årsverk.

Kva er dei korrekte fargane på det norske flagget?

Fargekodane for det norske flagget ved trykk på papir er i Pantone fargesystem:
Raud: PMS 032 U
Blå: PMS 281 U

Ved bruk av av NCS-kodar svarer dette til
Raud PMS 032: S 0570-Y90R eller S 1070-Y90R
Blå PMS 281 U = S 5040-R70B eller S 6030-R70B

Proporsjonane på flagget finn du i flagglova.

Kva land er med i EØS?

EØS-avtalen omfattar EU-landa og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein.

EØS gjev Noreg og nordmenn dei same rettane og pliktene som andre EØS-land og borgarane deira når det gjeld handel med varer, investeringar, bank- og forsikring, kjøp og sal av tenester, og rett til å ta arbeid, studere og bu i andre land i området. På europaportalen.no kan du lese meir om å reise, studere jobbe eller starte eiga verksemd i eit EØS-land.

Kva land er med i Schengen-området?

Du finner ei oversikt over Schengen-landa på nettsidene til Utlendingsdirektoratet (UDI).

Schengen-landa samarbeider mellom anna om grensekontroll og overvaking av yttergrensene til området. Du kan lese meir om Schengen-samarbeidet på nettsidene til politiet og om Schengen-avtalen på nettsidene til den norske EU-delegasjonen.

Norske borgarar bør ta med pass også på reiser innenfor Schengen-området fordi passet er det einaste dokumentet som tilfredsstiller internasjonale krav til identifikasjonspapir.

Kva land er medlemmer i EU?

Frå og med 1.januar 2007 har EU 27 medlemsland : Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia, Luxenburg, Nederland, Danmark, Irland, Storbritanina, Hellas, Portugal, Spania, Østerrike, Finland, Sverige, Kypros, Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Slovakia, Slovenia, Bulgaria og Romania. Les meir om den europeiske unionen på Europaportalen.

Kvar finn eg oversikt over kommunenummer?

Du finn ei oversikt over kommunenummer på Kommunenøkkelen. På Noreg.no finn du kommunenummeret til dei enkelte kommunane ved å klikke på kommunenamnet.

Kvar finn eg satsene for arbeid i offentlege råd og utval?

Dei tidligare sentralt fastsette satsene for utvalsgodtgjersle er oppheva og erstatta av rettleiande satser. Det er fagdepartementet som har fullmakt til å fastsetje timesats for utvalsgodtgjersle. Rettleiande satsar for utvalsgodtgjersle frå 1. januar 2012 finn du i ei personalmelding i Statens personalhåndbok .

Kvar får eg tak i Stortingsmeldingar, NOU-ar og brosjyrar?

Du finn proposisjonar og meldingar, NOU-ar og rettleiingar fra departementa på Regjeringa.no.

Saker og publikasjonar fra Stortinget finn du på Stortinget.no.

Offentlege publikasjonar frå Stortinget og regjeringa, særtrykk av lover m.m. kan du få kjøpt hos Fagbokforlaget, avdeling for offentlige publikasjoner , telefon 55 38 66 00, e-post offpub@fagbokforlaget.no.

For å bestille brosjyrar må du ta kontakt med den etaten som gir ut brosjyren. Kontaktinformasjon til etatane finn du på Noreg.no.

Folkebiblioteket låner ut NOU-ar, meldingar til Stortinget, særtrykk av lover og andre offentlege publikasjonar.

Offentlege institusjonar kan bestille brosjyrar og publikasjonar frå Servicesenteret for departementa, 22 24 20 00, e-post publikasjonsbestilling@dss.dep.no.

Publikasjonar frå Stortinget og regjeringa har fått nye nemningar i samband med nedlegging av odelsting og lagting 1. oktober 2009. På nettsidene til Stortingets finn du ei samla oversikt over gamle og nye nemningar.

Kvar kan eg finne ei oversikt over flagg- og helgedagar i Noreg?

Du finn ei oversikt i heftet Minifakta om Norge frå Statistisk sentralbyrå. Sjå også Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager og Lov om helligdager og helligdagsfred . Desse lovene listar opp dei helgedagane vi har i landet. Du finn ei oversikt over offisielle flaggdagar i 'forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget'.

Kven har plikt til å flagge på offisielle flaggdagar?

Statlege verksemder skal flagge på dei offisielle flaggdagane. Det er inga lovpålagt plikt for kommunale eller fylkeskommunale verksemder å flagge, men det er vanleg at dei også gjer det. Privatpersonar har inga plikt til å flagge. Les meir om flagging i 'forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget' .

Kven kan svare på spørsmål om bruk av flagget?

For å få svar på spørsmål om bruk av flagget kan du ta kontakt med diplomatseksjonen i avdeling for kultur, noregsfremme og protokoll i Utanriksdepartementet. Du finn informasjon om flagget og ei oversikt over offisielle flaggdagar i 'forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget'.

Gå til toppen

Fri rettshjelp

Kvar kan eg få informasjon om fri rettshjelp?

Fri rettshjelp betyr at staten heilt eller delvis kan dekkje utgiftene til advokathjelp. Treng du fri rettshjelp, kan du kontakte advokat, Fylkesmannen i fylket ditt eller domstolane . Bur du i Oslo, kan du også kontakte Fri rettshjelp-kontoret .

Du finn informasjon om fri rettshjelp på nettsidene til Fylkesmannen og på Rettsrad.no . Lov om fri rettshjelp finn du på Lovdata.no.

Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri saksførsle.

Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang, til dømes utforming av søknader og klager og korrespondanse med motpart. Rettsråd omfattar også rein rådgjeving frå advokat.

Fri sakførsle er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I nokre saker kan du få fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue. I andre saker er det eit vilkår at du er under visse inntekts- og formuesgrenser .

Gå til toppen

Fritid

Eg har mista jegeravgiftskortet. Kven skal eg kontakte for å få eit nytt?

Kontakt Jegerregisteret ved Brønnøysundregistra eller bestill nytt kort her. På nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning finn du meir informasjon om jakt og fangst.

Er det lov å brenne bråte?

Det er den enkelte kommunen som kan gje løyve til eller forby utandørs brenning eller brenning av avfall i småomnar. Kommunen kan lage lokale forskrifter der slik brenning blir forbode i heile eller i delar av kommunen. Brenning av næringsavfall er ikkje tillate.

For å få informasjon om kva reglar som gjeld der du bur, kan du ta kontakt med kommunen din. Eventuelle lokale forskrifter for kvar enkelt kommune finn du på Lovdata.

Det er Miljøverndepartementet som gjennom forskrift til forureiningslova har gjeve kommunen heimel til å fastsetje lokale forskrifter for open benning og brenning av avfall i småomnar. Kommunen er også tilsynsmyndigheit og kan påleggje forurensningsgebyr og gje pålegg etter forureiningslova.

Har eg rett til å få overført delar av ferien min til neste år?

Du kan avtale å overføre inntil to veker ferie til neste ferieår (kalenderår), men du har ikkje krav på dette. Dersom sjukdom hindrar deg i å avvikle ferien innan ferieåret er omme, kan du som arbeidstakar krevje å få overført inntil to veker ferie til neste år. Eit slikt krav må du fremje før året er omme.

Ferie som i strid med føresegnene i lova ikkje er avvikla innan utløpet av ferieåret, skal overførast til neste ferieår.

Du finn meir informasjon om avvikling av ferie på Arbeidstilsynet sine faktasider om ferie . Har du fleire spørsmål om ferie, kan du kontakte svartenesta til Arbeidstilsynet på telefon 815 48 222.

Kor store er tollkvotane for privatpersonar?

På nettsidene til tollvesenet, Toll.no, finn du reglar for kva og kor mykje du kan ta med deg på reise inn til og ut av Noreg .

Korleis går eg fram for å stifte ei foreining?

Du finn informasjon om registrering av foreningar på Altinn.no. Der finn du også forslag til stiftelsesdokument og ein standard for god reknskapsskikk for ideelle organisasjonar. Denne informasjonen var tilgjengeleg på Bedin tidlegare, men frå 12. desember 2011 finst den berre på Altinn.

Kva blir kravd for å få innreiseløyve til USA?

For å reise visumfritt til USA må du oppfylle visse kriterium. Du må mellom anna ha maskinlesbart pass, og du må registrere deg elektronisk på førehand. Du finn alle kriteria for visumfri innreise til USA via nettsidene til ambassaden til Sambandsstatane (USA).

Maskinlesbare pass har eit maskinlesbart felt nedst på personaliasida. Alle norske pass som ikkje er handskrivne, er maskinlesbare. Du finn informasjon om pass og maskinlesbare pass på nettsidene til politiet.

Skjemaet for elektronisk registrering finst på 16 språk, deriblant norsk. Du finn registreringsskjemaet ESTA her. Du bør registrere deg seinast 72 timar før avreise. Les meir om ESTA (elektronisk system for reiseinformasjon) på nettsidene til ambassaden til Sambandsstatane (USA).

Spørsmål om visum kan du sende på e-post til ambassaden. Du finn meir informasjon om visum og kontaktinformasjon på nettsidene til ambassaden.

Kva har eg lov til å ta med av kontantar til utlandet?

Ved innreise eller utreise av Noreg kan du ha med betalingsmiddel for til saman inntil 25 000 norske kroner. Betalingsmiddel omfattar norske og utanlandske sedlar og myntar, sjekkar, reisesjekkar og andre verdidokument. Har du med verdiar ut over dette, skal du gje melding på eit skjema som du får hos tollvesenet (PDF).

Kva reglar gjeld for å ta med hund til Sverige?

Hund eller katt frå Noreg kan fritt takast med inn i Sverige så lenge det er snakk om privat innførsel. Men det kan hende at det blir endringar i regelverket i 2012 .

Når det gjelder for privat innførsel av hund og katt fra Sverige til Norge, må hunder være behandlet mot revens dvergbendelorm .

Kvar får eg kjøpt fiskekort?

På Statskog si nettside inatur.no kan du finne informasjon om korleis du kan kjøpe fiskekort til mange vatn og vassdrag. Du kan kjøpe fiskekort på SMS.

På privat grunn må du ha løyve frå grunneigaren for å fiske. Mange grunneigarar sel fiskekort.

Er du over 16 år og vil fiske laks, sjøaure og sjørøye i vassdrag, må du betale fiskaravgift til staten før du kan løyse fiskekort. Barn og ungdom under 16 år har rett til å fiske gratis. Les meir om det i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.

Sjå også Direktoratet for naturforvaltning sine temasider om fritidsfiske .

Kvar kan eg finne ei oversikt over flagg- og helgedagar i Noreg?

Du finn ei oversikt i heftet Minifakta om Norge frå Statistisk sentralbyrå. Sjå også Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager og Lov om helligdager og helligdagsfred . Desse lovene listar opp dei helgedagane vi har i landet. Du finn ei oversikt over offisielle flaggdagar i 'forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget'.

Kven skal eg kontakte for å ta båtførarprøva?

På nettsidene til Norsk Test AS finn du ei oversikt over kvar du kan ta båtførarprøva . Norsk Test AS skriv ut båtførarbevis på oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet. Pensum til båtførarprøva er basert på fagplanen til Sjøfartsdirektoratet.

Alle som er fødde etter 1. januar 1980 må ha båtførarbevis for å føre fritidsbåtar som er over 8 meter og/eller har 25 hk eller meir.

Når er det bandtvang for hund ?

I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal ein hund bli halden i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengt, slik at han ikkje kan jage eller skade husdyr og vilt. Reglane for sikring av hund finn du i hundelova kapittel 2. Kommunane kan fastsetje meir detaljerte forskrifter om bandtvang. Eventuelle lokale forskrifter finn du på Lovdata.no.

Treng eg attest for å ta med medisin til utlandet?

Har du med reseptpliktige legemiddel til utlandet, bør du vere førebudd på å kunne dokumentere at du er den rette eigaren av legemidla. Medisinen bør oppbevarast i originalemballasjen frå produsenten. Les meir om legemiddel ved utanlandsopphald på nettsidene til Statens legemiddelverk.

Skal du reise innanfor Schengen-området, bør du ha med deg ein "Schengen-attest". Alle apoteka i landet skriv ut slike attestar.

På nettsidene til Utanriksdepartementet finn du ei liste over landa som er med i Schengen-samarbeidet . Legg merke til at Storbritannia og Irland er blant dei landa som ikkje er med i Schengen-samarbeidet.

Gå til toppen

Førebyggjande helsearbeid

Eg har mistanke om at det er muggsopp i huset mitt. Kven kan eg kontakte?

Ta kontakt med kommunen din for å få råd og hjelp. Du finn informasjon om inneklima på nettsidene til Folkehelseinstituttet. Der finn du også brosjyren Godt inneklima - Råd og informasjon om hvordan du kan sikre godt inneklima i boligen din . Les også om innemiljø på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet.

Kvar finn eg informasjon om kva vaksinar eg bør ta ved ei utanlandsreise?

På nettsidene til Folkehelseinstituttet finn du ei oversikt over kva vaksinar som blir tilrådd å ta ved utanlandsreiser.

Kven kan svare på om blåskjela eg har plukka er trygge å ete?

Du kan få svar på om blåskjela er trygge å ete via matportalen.no, ved å ringje Mattilsynets blåskjeltelefon, 820 33 333, eller via NRK tekst-tv side 695.

Mattilsynet tek ut prøvar i byrjinga av kvar veke, og resultata blir lagde ut kvar fredag ettermiddag.

Førekomsten av giftige algar kan vere lokal, så du bør sanke skjel så nær uttaksstadene som råd. Ver svært varsam dersom råda vekslar frå stad til stad langs same kyststripe. Kontakt eventuelt distriktskontora til Mattilsynet på telefonnummer 06040.

Sjå også tilrådingane frå Mattilsynet om å avgrense eller ikkje ete visse typar sjømat frå område med høgt innhald av miljøgifter her.

Gå til toppen

Grunnskule

Har eg rett til permisjon ved tilvenjing av barn i barnehage eller skule?

Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet ved tilvenjing av barn i barnehage eller skule. Dei lovbestemte rettane til fri frå arbeid finn du i arbeidsmiljølova, kapittel 12 Rett til permisjon. Fri frå arbeidet i samband med skulestart eller oppstart i barnehage må derfor anten vere avtalefesta i tariffavtale eller lokalt permisjonsreglement, eller det kan avtalast direkte med arbeidsgjevar.

Vil du vite meir om reglane i arbeidsmiljølova om permisjon og rett til fri frå arbeidet, kan du kontakte Arbeidstilsynets svarteneste på telefon 815 48 222.

Kan skulen krevje betaling for skuleturar?

Skulen kan ikkje krevje at kostnader til skuleturar skal bli dekka av elevane eller dei føresette. Men frivillig betaling og andre bidrag som kjem alle elevane til gode, har vore, og er framleis, lovlege.

Det er altså ingen ting i vegen for å samle inn pengar frå elevene så lenge elevane ikkje blir pålagde å betale. Det er også høve til å organisere dugnad, kakelotteri, kronerulling og liknande inn til ei klassekasse.

Du finn meir informasjon om skuleturar med bidrag frå elevane på nettsidene til Kunnskapsdepartementet.

Kvar finn eg adresser til skular og barnehagar?

Adresser til barnehagar, grunnskular og andre skuleslag finn du på Pedlex Norsk Skoleinformasjon.

Kvar finn eg ei oversikt over feriane i skuleåret?

Du finn skuleruta for 2011–2012 på nettsidene til KS. For å vere trygg på at ruta ikkje er endra bør du kontakte skuleeigaren, dvs. den kommunen eller fylkeskommunen som skulen høyrer til.

Kvar finn eg ei oversikt over norske skular i utlandet?

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har tilsyn med norske skular i utlandet, og du finn ei oversikt over skulane på nettsidene til Fylkesmannen. Ver også merksam på nettstaden Globalskolen.no som mellom anna gjev nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og RLE for elevar i grunnskulealder.

Vi bur utanlands. Finst det tilbod om norskundervisning for barn på nettet?

Nettstaden Globalskolen.no gjev nettbasert opplæring i mellom anna norsk, samfunnsfag og religion, livsyn og etikk (RLE) på første til tiande årstrinn.

Elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller utlandet kan få statsstøtte til kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag, og RLE. Du finn informasjon og søknadsskjema på nettsidene til Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Der finn du også ei oversikt over norske skular i utlandet .

Gå til toppen

Helse

Korleis finn eg fram til og søkjer om hjelpemiddel?

På nettsidene til Nav finn du informasjon om ulike hjelpemiddel . Der ligg også søknadsskjema og hjelpemiddeldatabasen . Ta kontakt med kommunehelsetenesta der du bur for å få hjelp til å søkje.

Gjeld det hjelpemiddel på arbeidsplassen, spør du arbeidsgjevar eller bedriftshelsetenesta. Kontakt det lokale Nav-kontoret når det gjeld arbeid eller rehabilitering.

Korleis melder eg frå om biverknader ved bruk av medisinar?

Dersom du mistenker at du får biverknader ved bruk av medisinar, kan du melde frå om dette på eit elektronisk meldeskjema. Meldeskjemaet krev innlogging via ID-porten.

Du kan melde frå om biverknader på vegne av deg sjølv og dine næraste. Får du alvorlege biverknader, bør du kontakte lege.

Det er Statens legemiddelverk som tek imot meldingar om biverknader ved bruk av medisinar.

Kvar finn eg informasjon om behandlingsreiser til utlandet?

Du finn informasjon om behandlingsreiser til utlandet på nettsidene til Oslo universitetssjukehus.

Kvar finn eg oversyn over pasient- og brukarorganisasjonar?

På nettsidene til Helse Nord RHF finn du ei samling med lenkjer til pasient- og brukarorganisasjonar i Noreg.

Kvar kan eg få hjelp når eg slit psykisk?

I kritiske eller livstruande situasjonar skal du straks ringje etter nødhjelp på telefonnummer 113. Forklar kva som har skjedd, og kva adresse du ønskjer hjelpa til. Viss situasjonen ikkje er akutt, det vil seie at det ikkje er fare for liv og helse, kan du kontakte fastlegen din eller næraste legevakt.

Viss du treng nokon å snakke med, kan du ringje Mental Helse sin hjelpetelefon 116 123 eller Kirkens SOS 815 33 300. Dei som er under 18 år, kan også ringje Barn og unges kontakttelefon i Røde Kors, 800 333 21. På nettsidene til Helsedirektoratet finn du gode råd om psykisk helse . Helsenoreg.no har informasjon om korleis ulike psykiske plager kan førebyggjast og behandlast .

Kvar kan eg få informasjon om retten til fritt val av sjukehus?

Du finn informasjon om fritt sjukehusval på nettsidene www.sykehusvalg.no. Du kan også ringje pasientrådgjevartelefonen 800 41 004.

Treng eg attest for å ta med medisin til utlandet?

Har du med reseptpliktige legemiddel til utlandet, bør du vere førebudd på å kunne dokumentere at du er den rette eigaren av legemidla. Medisinen bør oppbevarast i originalemballasjen frå produsenten. Les meir om legemiddel ved utanlandsopphald på nettsidene til Statens legemiddelverk.

Skal du reise innanfor Schengen-området, bør du ha med deg ein "Schengen-attest". Alle apoteka i landet skriv ut slike attestar.

På nettsidene til Utanriksdepartementet finn du ei liste over landa som er med i Schengen-samarbeidet . Legg merke til at Storbritannia og Irland er blant dei landa som ikkje er med i Schengen-samarbeidet.

Gå til toppen

Helsetenester

Eg har nettopp flytta til Noreg. Korleis får eg fastlege?

For å få fastlege i Noreg må du vere registrert i folkeregistrert som busett i ein norsk kommune, og ha norsk fødselsnummer. NATO-personell og asylsøkjarar kan få fastlege så lenge dei har D-nummer. Treng du legehjelp før du har fått fastlege, kan du anten ta kontakt med helsetenesta i kommunen din eller med eit privat legesenter.Ved akutt behov for hjelp, ring telefonnummer 113. Du har krav på legehjelp også utan fastlege.

Når du har fått fødselsnummer, dvs. etter innmelding i folkeregisteret , kan du kontakte HELFO for å få tildelt fastlege. Du kan ringje 810 59 500 eller gå inn på nettsida MinFastlege .

Kor mykje har eg betalt i eigendelar i år?

Logg inn på MineEgenandeler for å bestille ei oversikt over kor mykje du har betalt i eigendelar for helsetenester i år. Oversikta blir sendt til den adressa du er registrert med i folkeregisteret.

Kor stor er eigendelen ved behandling hos lege?

På nettsidene til Helfo (Helseøkonomiforvaltninga) finn du oversyn eigendelar for ulike helsetenester og grense for når du får frikort.

Korleis byter eg fastlege?

Du kan byte fastlege via internettsida MinFastlege eller ved å kontakte fastlegekontoret på telefon 810 59 500.

På nettsidene til Helfo finn du meir informasjon om fastlegeordninga og ei oversikt over fastlegane i kommunen din. Du kan også melde deg inn i eller ut av ordninga via desse sidene.

Korleis kan eg finne ut kven som er fastlegen min?

Logg deg inn på MinFastlege for å finne ut kven som er fastlegen din.
Du kan også ringje Fastlegetelefonen på 810 59 500.

Kva sjukehus i Oslo høyrer eg til?

Kvart sjukehus i Oslo har ansvar for innbyggjarane i sitt sjukehusområde. På nettsidene til Oslo universitetssjukehus finn du ei oversikt over kva bydelar som høyrer til de ulike sjukehusa . Du finn også oversikta over sjukehus på dette kartet .

Pasientar har rett til fritt sjukehusval ved planlagde innleggingar. Du finn meir informasjon om fritt sjukehusval på www.sykehusvalg.no og på telefon grønt nummer 800 41 004.

Kvar finn eg adresser til LAR-sentera i Noreg?

Du finn informasjon om Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) på nettsidene til Oslo universitetssjukehus. Her finn du også ei adresseliste til LAR-sentera i Noreg.

Kvar finn eg oversikt over private psykologar og legespesialistar med driftsavtale?

Dette finn du på nettsidene til dei regionale helseforetaka.
Helse Nord RHF ( Nordland, Troms og Finnmark)
Helse Midt RHF (Trøndelag og Møre og Romsdal)
Helse Vest RHF (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane)
Helse Sør-Øst RHF (Oslo, Akershus, Oppland, Hedmark, Østfold, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud )

Gå til toppen

Høgare utdanning

Kan eg ha ulik bustadadresse og postadresse i folkeregisteret?

Ja, det kan du. Den beste måten å få ordnet dette på, er å sende skjemaet Melding om ny eller endra postadresse RF -1445 til folkeregisteret ved skattekontoret.

Folkeregisteret gjev ikkje melding til Posten om den nye adressa di. Du må sjølv melde adresseendring til Posten for at posten din skal komme fram.

Korleis kan eg få utdanninga mi frå utlandet godkjend i Noreg?

For å få vurdert om den utanlandske utdanninga di blir likestilt med høgare norsk utdanning, må du sende ein søknad til Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Dei vurderer omfanget av utdanninga og kva det tilsvarar i studiepoeng, studieår eller om det tilsvarar eit bachelor- eller masterstudium i Noreg. For å få utdanninga godkjent må ho ha vore teken ved ein godkjend eller akkreditert høgare utdanningsinstitusjon i utlandet. Blir utdanninga godkjend, vil du få tilsendt eit godkjenningsdokument som du kan bruke ved søknad på stillingar

Treng du å få godkjent at det faglege innhaldet i den utanlandske utdanninga di kan vere ein del av eit vidare utdanningsløp i Noreg, må du kontakte skulen eller universitetet der du vil ta vidare studium.

Har du ei fag- eller profesjonsutdanning frå utlandet som for eksempel lærar eller lege, må du få utdanninga autorisert av eit godkjenningskontor for å kunne praktisere i tilsvarende yrke i Noreg.

Kvar får eg tak i ein godkjend translatør?

Du kan finne godkjende translatørar på nettsidene til Statsautoriserte translatørers forening . Dei fleste translatørane er autoriserte i eitt språk, og til saman kan medlemmene i foreininga omsetje til 29 språk.

Kven har plikt til å melde flytting?

Alle som flyttar innan kommunen, mellom norske kommunar, eller til Noreg frå utlandet eller til utlandet, pliktar å gje melding til skattekontoret. Alle i familien eller husstanden må melde flytting.

Det gjeld spesielle reglar mellom anna for skuleelevar, studentar, vernepliktige og pendlarar. Ta kontakt med skattekontoret for å få informasjon.

Flyttar du frå Noreg til eit anna nordisk land , skal du melde dette direkte til folkeregistermyndigheitene i innflyttingslandet. Du treng altså ikkje lenger melde utflytting til det norske folkeregisteret (skattekontoret).

Alle som stiller husværet sitt til disposisjon for andre, skal melde frå om dei som flytter til eller frå husværet. Dersom du har forsikra deg om at den som flytter sjølv har levert flyttemelding, treng du ikkje melde frå.

Du finn meir informasjon om å melde flytting på nettsidene til skatteetaten. Der finn du også skjema og lenkje til levering av flyttemelding på nett .

Gå til toppen

Kjøpe bustad

Kor stort er tinglysingsgebyret?

Du finn gebyra for tinglysing i fast eigedom og gebyra for tinglysing i burettslag på nettsidene til Statens kartverk.

Kvar får eg tak i skøyte for tinglysing i fast eigedom?

Dette skjemaet får du kjøpt i bokhandelen. Du finn også skøyte med rettleiing på nettsidene til Statens kartverk.

Kven kan få startlån og kor søkjer eg?

Personar som ikkje får lån frå private bankar eller som manglar eigenkapital, til dømes unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma eller flyktningar, kan søkje om startlån. Husbanken har utfyllande informasjon om startlån.

Søknaden skal sendast til eigen kommune/bydel. Nokre kommunar tilbyr elektronisk søknadskjema, dei andre bruker søknadskjema til nedlasting (PDF). Det er opp til kommunen å vurdere om det skal innvilgast startlån og kor stort lånet blir.

Gå til toppen

Kultur

Finst det støtteordningar for lokale kulturtiltak?

Ta kontakt med kommunen eller fylkeskommunen for å få informasjon om tilskot til lokale kulturtiltak. Sjå også lenkene under Noreg.no tilrår .

Gå til toppen

Køyretøy

Eg har ikkje fått giro for innbetaling av årsavgift. Kva skal eg gjere?

Har du ikkje fått kravet om årsavgift, må du fylle ut ein giro sjølv og betale innan fristen. Du må skrive inn eit KID-nummer (kundeidentifiseringsnummer) for at betalinga skal knytast opp til køyretøyet ditt. KID-nummeret får du laga på nettsidene til tollvesenet. Der finn du også kontonummeret som årsavgifta skal betalast inn på.

Du kan også få oppgitt KID-nummeret ved å ringje tollvesenet på telefon 22 86 02 00.

Du finn meir informasjon om årsavgifta på nettsidene til tollvesenet.

Eg har utanlandsk førarkort. Er dette gyldig i Noreg?

Det er ulike reglar for dei som har førarkort frå land i EØS-området og dei med førarkort skrive ut utanfor dette området. På nettsidene til Statens vegvesen kan du lese meir om innbyte av utanlandsk førarkort og om vilkåra for bruk av utanlandsk førarkort i Noreg . Kontakt den lokale trafikkstasjonen dersom du ønskjer meir informasjon.

Hvor finner jeg informasjon om ulike bilers sikkerhetsegenskaper?

Kan eg køyre med det norske førarkortet mitt i utlandet?

Norske førarkort er gyldige i alle EU/EØS-land. Men Statens vegvesen tilrår at dei som ikkje har den nyaste førarkortmodellen (bankkortformat), byter til denne før utreise. Dette gjeld særleg dersom du har det grøne førarkortet (lita grøn bok).

Også mange land utanfor EU/EØS-området godkjenner EØS-modellen (bankkortformat). I desse landa treng du ikkje internasjonalt førarkort. Ta kontakt med landet sin ambassade i Noreg for å få vite kva reglar som gjeld.

Statens vegvesen har meir informasjon om norsk førarkort i utlandet .

Korleis finn eg ut kva tid bilen min skal på EU-kontroll?

Du får informasjon om siste EU-godkjenning og neste EU-kontroll ved å skrive inn bilnummeret på nettsida til Staten vegvesen .

Du kan òg sende ei tekstmelding til 2282. Skriv "REGNR " (Eksempel: REGNR AA00000). SMS-tenesta kostar kr 3,-.

Les meir om EU-kontroll (periodisk køyretøykontroll) på nettsidene til Statens vegvesen.

Korleis kan eg finne ut kven som er eigar av ein bil når eg kjenner registreringsnummeret?

Du kan få informasjon om dette ved å sende ei tekstmelding til 2282. Skriv REGNR og bilen sitt registreringsnummer (eksempel: REGNR AA00000). SMS-tenesta kostar kr 3,-.

Du vil etter kort tid få ein SMS med opplysningar om namnet og bustadkommunen til eigaren, bilmerke med meir. SMS-tenesta kostar kr 3,-.

Det er Statens vegvesen som tilbyr køyretøyopplysningar på SMS .

Korleis kan eg finne ut om årsavgifta på eit køyretøy er betalt?

Du kan få informasjon om dette ved å sende ei tekstmelding til 2282. Skriv REGNR og bilen sitt registreringsnummer (eksempel: REGNR AA00000). SMS-tenesta kostar kr 3,-.

Du finn meir informasjon om årsavgifta på nettsidene til tollvesenet.

Kvar er det vorte av Biltilsynet?

"Biltilsynet" har skifta namn til trafikkstasjon. Stadnamnet står først, som til dømes Odda trafikkstasjon. Du kan finne den lokale trafikkstasjonen din på Noreg.no eller på nettsidene til Statens vegvesen .

Namneendringa frå "Biltilsynet" til trafikkstasjon skjedde i 1995. Ver merksam på at biltilsynet.no ikkje er ein offentleg nettstad.

Kvar finn eg ei oversikt over satsane for årsavgift?

Du finn ei oversikt over satsane for årsavgifta på nettsidene til tollvesenet.

Kvar finn eg informasjon om førarkort?

Statens vegvesen har informasjon om førarkort. Kontakt trafikkstasjonen der du bur for nærare informasjon.

Når er det lov å køyre med piggdekk?

I Sør-Noreg kan du køyre med piggdekk frå og med 1. november til første måndag etter 2. påskedag. I Nordland, Troms og Finnmark er tilsvarande periode frå 16. oktober til 1. mai.

Føraren må sjølv vurdere om køyretøyet er sikra tilstrekkeleg veggrep. Kravet om tilstrekkeleg veggrep veg tyngre enn fristane.

Du finn meir informasjon om dekk og kjettingar og om piggdekk og sommardekk på nettsidene til Statens vegvesen.

Gå til toppen

Leige bustad

Har eg rett til bustønad og når er fristen for å søkje?

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter.

På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om bustønadsordninga , og du kan rekne ut kor stor bustønaden vert . Du finn også informasjon om tilskot og lån til bustadføremål frå Husbanken.

Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer den 10. i den etterfølgjande månaden.

Søknad om bustønad skal sendast til kommunen din. I Oslo sender du søknaden til bydelen din. Du finn søknadsskjema på nettsidene til Husbanken.

Gå til toppen

Namn

Eg vil skifte namn. Korleis gjer eg det?

For å skifte namn sender du melding om endring av namn til skattekontoret ditt (folkeregisteret er ein del av skattekontoret). På nettsidene til Justis- og politidepartementet finn du meldingsskjema for namneendring.

På nettsidene til Statistisk sentralbyrå finn du namnestatistikk med oversikt over kor mange gonger dei ulike namna er brukte i Noreg.

Korleis får vi fødselsnummer og fødselsattest til det nyfødde barnet vårt?

De får desse dokumenta tilsende frå folkeregisteret (skattekontoret).

Fødselsklinikken eller sjukehuset sender melding til folkeregisteret om at de har fått barn. Folkeregisteret kontrollerer om barnet skal ha norsk fødselsnummer og sender melding om det tildelte fødselsnummeret til mor, saman med skjema om namneval.

Foreldra har plikt til å velje namn og returnere skjemaet til folkeregisteret innan 6 månader. Først når namnet er registrert, sender folkeregisteret ut fødselsattest. Fødselsattesten syner at namnet er godkjent, og han skal takast med ved dåps- eller namnefestsamtale.

De kan kontakte skattekontoret, tlf. 800 80 000, dersom de ønskjer meir informasjon.

Korleis kan eg oppspore ein person i Noreg?

Dersom du har namn eller adresse, kan du starte med å søkje i telefonkatalogar på Internett, til dømes Gulesider.no eller 1881.no . Gjev ikkje dette resultat, kan du kontakte folkeregisteret ved skattekontoret , telefonnummer 800 80 000, eller fra utlandet + 47 22 07 70 00.

Ver merksam på at folkeregisteret berre gjev opplysningar til private når opplysningane er nødvendige for at vedkommande skal kunne ta vare på lovmessige rettar og plikter.

Kva opplysningar kan eg få frå folkeregisteret?

Som privatperson får du som hovudregel ikkje utlevert opplysningar som ikkje gjeld deg sjølv. Men det finst enkelte unntak, mellom anna når opplysningane er nødvendige for å sikre rettar og plikter. Du finn informasjon om kven som kan få kva opplysningar frå folkeregisteret på nettsidene til skatteetaten.

Gå til toppen

Næringsskatt

Eg skal betale inn skatt og treng eit KID-nummer. Kva gjer eg?

Du kan få laga eit KID-nummer for innbetaling av skatt på nettsidene til skatteetaten. KID-nummeret kan brukast til fleire typar innbetalingar, som forskotstrekk, restskatt og arbeidsgjevaravgift. Både arbeidsgjevarar, selskap og personlege skatteytarar kan bruke tenesta.

Korleis søkjer eg om utsetjing av innlevering av sjølvmeldinga?

Du kan ta kontakt med skattekontoret på telefonnummer 800 80 000. Tast 1 og forklar situasjonen.

For den enkelte skattyteren, selskapet og næringsdrivande som har elektronisk ID, er det mogleg å gå inn via Altinn og søkje elektronisk om 14 dagars utsetjing av innlevering av sjølvmeldinga. Gå til skjema for privatpersonar eller skjema for næringsdrivande .

Kva er fristen for å levere sjølvmelding for næringsdrivande?

For næringsdrivande som leverer sjølvmeldinga på papir, er fristen 30. april. Leverer du elektronisk, er fristen 31. mai.

Selskap kan levere sjølvmeldinga på nett frå 28. februar 2012. Personleg næringsdrivande kan levere på nett frå 20. mars.

Du finn meir informasjon om datoar og fristar i skattekalender for næringsdrivande på nettsidene til skatteetaten.

Kva er satsane for meirverdiavgift?

Meirverdiavgift (moms, mva.) skal betalast ved omsetning av dei fleste varer og tenester. Satsen er generelt 25 prosent. Det er eigne satsar for omsetning av mat- og drikkevarer, kinobillettar, persontransport og kringkastingsavgift. Du finn desse satsane og meir informasjon om meirverdiavgift på nettsidene til skatteetaten.

Gå til toppen

Næringsverksemd

Korleis søkjer eg om skjenkeløyve?

Det er kommunen som tildeler serveringsløyve og skjenkeløyve. Dersom det skal skjenkast alkohol, må du søkje om begge deler.

For å få skjenkeløyve må styraren må ha avlagt og bestått etablerarprøva i samsvar med serveringslova. Styrar og skjenkerettsinnehavaren må begge ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Du finn informasjon om kunnskapsprøva og om kommunale sals- og skjenkeløyve på nettsidene til Helsedirektoratet.

Kva har eg lov til å ta med av kontantar til utlandet?

Ved innreise eller utreise av Noreg kan du ha med betalingsmiddel for til saman inntil 25 000 norske kroner. Betalingsmiddel omfattar norske og utanlandske sedlar og myntar, sjekkar, reisesjekkar og andre verdidokument. Har du med verdiar ut over dette, skal du gje melding på eit skjema som du får hos tollvesenet (PDF).

Gå til toppen

Omsorg og sosiale tenester

Kan eg klage på eit vedtak kommunen har gjort?

Du har rett til å klage på eit enkeltvedtak som kommunen har gjort. Eit enkeltvedtak er eit vedtak som gjeld rettar og pliktar til ein eller fleire personar. Klagen skal sendast til kommunen , som kan omgjere vedtaket sitt heilt eller delvis. Du har og klagerett på eit eventuelt nytt vedtak som kommunen gjer. Dersom kommunen vel å halde fast på vedtaket sitt, går klagen til fylkesmannen. Det er forvaltningslova som regulerer dette. Fylkesmannen er klageinstans for enkeltvedtak i kommunen.

Gå til toppen

Pasientrettar

Får eg dekt utgiftene til medisinsk behandling dersom eg skulle bli sjuk på ei utanlandsreise?

Dersom blir sjuk medan du er i eit EØS-land eller i Sveits, kan du få dekt utgiftene dine til helsetenester. Du har rett til behandling på lik linje med borgarane i det landet du oppheld deg i.

Du kan bestille Europeisk helsetrygdkort på Internett eller ved å ringe HELFO - Servicesenteret på tlf 33 51 22 80.

Helsetrygdkortet gir ikkje rett til ytingar dersom føremålet med reisa er å få medisinsk behandling. Helsetrygdkortet dekkjer heller ikkje ekstra utgifter til heimreise fordi du er blitt sjuk eller utsett for ei ulukke. Unntaket er heimreise frå dei andre landa i Norden.

Ønskjer du å sikre deg mot utgifter som trygda i opphaldslandet ikkje dekkjer eller mot meirutgifter ved heimreise, må du kjøpe ei reiseforsikring som dekkjer slike utgifter. Skal du reise til land utanfor EØS eller Sveits, bør du kjøpe ei reiseforsikring.

Har eg krav på gratis tannlegebehandling?

Tannhelsetenesta gjev gratis tannbehandling til desse gruppene:

* barn og ungdom 0-18 år (gjeld ikkje tannregulering)
* personar med psykisk utviklingshemming
* bebuarar i sjukeheimar
* enkelte brukarar av heimesjukepleien

Ungdom frå 19 til 20 år betaler berre delar behandlingskostnadene.

Ein slepp likevel å betale for nokre spesifikke tannbehandlingar. Ei oversikt over desse unntaka samt satsane finn du på nettsidene til Helfo. Dersom utgiftene er høgare enn takstane, må du betale resten sjølv.

Enkelte behandlingar kjem inn under frikortordninga eigendelstak 2. Les meir om eigendelstak 2 på nettsidene til Helfo.

Korleis klagar eg på ei legebehandling?

Dersom du meiner at du er vorten feilbehandla eller at helsepersonell har brote nokre av pliktene sine overfor deg, som til dømes å gje forsvarleg behandling, kan du be fylkeslegen hos Fylkesmannen vurdere dette.

Du kan lese meir om klager og om klage på helsetenester og helsepersonell på nettsidene til Statens helsetilsyn.

Korleis klagar eg på tannlegebehandling?

Tannlegeforeininga sine lokalforeiningar har eigne klagenemnder som skal medverke til å løyse konfliktar. Du kan også kontakte Helsetilsynet i fylket ditt.

Kvar finn eg oversyn over pasient- og brukarorganisasjonar?

På nettsidene til Helse Nord RHF finn du ei samling med lenkjer til pasient- og brukarorganisasjonar i Noreg.

Kvar finn eg pasient- og brukarombodet?

Kvart fylke har eit pasient- og brukarombod. Du kan kontakte pasient- og brukarombodet når du manglar informasjon om rettar og ordningar, treng råd om korleis du skal gå fram eller har opplevd noko du ikkje syntes var bra. Fylkesoversikt og meir informasjon finn du på nettsidene til pasient- og brukaromboda.

Kvar kan eg få informasjon om retten til fritt val av sjukehus?

Du finn informasjon om fritt sjukehusval på nettsidene www.sykehusvalg.no. Du kan også ringje pasientrådgjevartelefonen 800 41 004.

Gå til toppen

Pass og legitimasjon

Barnet mitt er født og busett i utlandet. På kva måte kan det få norsk fødselsnummer og pass?

Norske statsborgarar som ønskjer pass til eige barn som er født og busett i utlandet, må først få tildelt fødselsnummer til barnet. For å få tildelt fødselsnummer må foreldra kontakte næraste norske utanriksstasjon som tek stilling til om barnet er norsk statsborgar . Dersom barnet er norsk statsborgar, sender utanriksstasjonen søknad til Skatt nord Hammerfest, Personregisteret .

Når barnet har fått tildelt fødselsnummer, vil utanriksstasjonen hjelpe videre med å få skrive ut pass. På nettsidene til skatteetaten finn du meir informasjon og krav til dokumentasjon for å få tildelt fødselsnummer . På nettsidene til politiet finn du informasjon om pass .

Korleis får eg norsk fødselsnummer ved flytting til Noreg?

Dersom du har opphaldsløyve og ønskjer å vere i Noreg i 6 månader eller lenger, blir du rekna som busett i landet. Du må melde flytting til Noreg ved fysisk oppmøte på skattekontoret. Slik blir du registrert som busett og får tildelt norsk fødselsnummer.

Dersom du skal ha eit mellombels arbeidsopphald på under 6 månader i Noreg, skal du ha D-nummer.

Korleis får vi fødselsnummer og fødselsattest til det nyfødde barnet vårt?

De får desse dokumenta tilsende frå folkeregisteret (skattekontoret).

Fødselsklinikken eller sjukehuset sender melding til folkeregisteret om at de har fått barn. Folkeregisteret kontrollerer om barnet skal ha norsk fødselsnummer og sender melding om det tildelte fødselsnummeret til mor, saman med skjema om namneval.

Foreldra har plikt til å velje namn og returnere skjemaet til folkeregisteret innan 6 månader. Først når namnet er registrert, sender folkeregisteret ut fødselsattest. Fødselsattesten syner at namnet er godkjent, og han skal takast med ved dåps- eller namnefestsamtale.

De kan kontakte skattekontoret, tlf. 800 80 000, dersom de ønskjer meir informasjon.

Korleis kan eg få D-nummer?

Privatpersonar, arbeidsgjevarar og institusjonar kan ikkje bestille D-nummer sjølve. På nettsidene til skatteetaten finn du informasjon om kven som kan bestille D-nummer for deg. Ta kontakt med skattekontoret ditt dersom du treng meir informasjon.

Har du D-nummer, er hovudregelen at du må møte opp personleg på skattekontoret for å få skattekort .

Treng du D-nummer for å registrere eit føretak, finn du søknadsskjema på nettsidene til Brønnøysundregistra.

Korleis søkjer eg om pass?

Du kan søkje om pass på ei rekkje politistasjonar og lensmannskontor . Du kan også søkje om pass ved norske utanriksstasjonar (ambassadar og enkelte generalkonsulat). Les meir om korleis du søkjer om pass på nettsidene til politiet.

Korleis søkjer eg om visum til eit land?

Ta kontakt med ambassaden til landet her i Noreg. Er du usikker på om det krevst visum, kan du sjekke lista over land norsk borgarar kan reise visumfritt til.

Du finn også nyttig informasjon på landsidene til Utanriksdepartementet.

Kva blir kravd for å få innreiseløyve til USA?

For å reise visumfritt til USA må du oppfylle visse kriterium. Du må mellom anna ha maskinlesbart pass, og du må registrere deg elektronisk på førehand. Du finn alle kriteria for visumfri innreise til USA via nettsidene til ambassaden til Sambandsstatane (USA).

Maskinlesbare pass har eit maskinlesbart felt nedst på personaliasida. Alle norske pass som ikkje er handskrivne, er maskinlesbare. Du finn informasjon om pass og maskinlesbare pass på nettsidene til politiet.

Skjemaet for elektronisk registrering finst på 16 språk, deriblant norsk. Du finn registreringsskjemaet ESTA her. Du bør registrere deg seinast 72 timar før avreise. Les meir om ESTA (elektronisk system for reiseinformasjon) på nettsidene til ambassaden til Sambandsstatane (USA).

Spørsmål om visum kan du sende på e-post til ambassaden. Du finn meir informasjon om visum og kontaktinformasjon på nettsidene til ambassaden.

Kva land kan nordmenn reise visumfritt til?

På nettsidene til Utanriksdepartementet finn du ei oversikt over kva land norske borgarar kan reise til utan visum. Nærare informasjon får du hos ambassaden til det enkelte landet.

På nettsiden til Utlendingsdirektoratet (UDI) finn du ei oversikt over land med fritak for visumplikt til Noreg.

Kvar får eg ein ny fødselsattest?

For å få skrive ut ein ny fødselsattest tek du kontakt med folkeregisteret, som er en del av skattekontoret, på telefonnummer 800 80 000.

Kven kan få tildelt D-nummer?

Utanlandske statsborgarar som skal jobbe eller opphalde seg i Noreg i mindre enn seks månader, må ha eit D-nummer. Eit D-nummer er nødvendig blant anna for å få skattekort og for å bli kunde i ein norsk bank. På nettsidene til skatteetaten finn du informasjon om bestilling og tildeling av D-nummer.

Kven kan omsetje fødselsattesten min til andre språk?

Folkeregisteret ved skattekontoret kan skrive ut fødselsattestar på engelsk, tysk, fransk og spansk. Det kostar ingenting, og saksbehandlinga kan ta frå to dagar til eit par veker.

Ta kontakt med folkeregisteret ved skattekontoret på telefonnummer 800 80 000.

Treng eg pass for å reise i Schengen-området?

I utgangspunktet treng du ikkje pass for å reise mellom landa i Schengen-området. Men landa som er med i Schengen-samarbeidet, kan innføre mellombels passkontroll på grensene sine dersom det oppstår trussel mot ro, orden eller den allmenne respekten for lovene i landet. Derfor bør du likevel alltid ta med passet for å vere på den sikre sida.

Du treng også passet som legitimasjon fordi Noreg berre har passet som godkjent nasjonalt identitetsbevis. Fleire flyselskap i Europa krev pass i samband med ombordstiging i fly.

På nettsidene til politiet finn du generell informasjon om pass og ei oversikt over kva land som er med i Schengen-samarbeidet. Ver merksam på at mellom anna Irland og Storbritannia ikkje er med i Schengen-samarbeidet.

Gå til toppen

Pensjonar

Eg skal flytte til eit anna nordisk land. Får eg framleis utbetalt trygd?

Den nye nordiske trygdeportalen kan gje svar på dette spørsmålet. Trygdeportalen gjev deg informasjon om kva land sine lovreglar som gjeld i ulike situasjonar og om kva trygdeytingar du kan ha rett til. Portalen er laga av trygdemyndigheitene i dei nordisk landa.

Eg ønskjer at Nav skal trekkje meir skatt av pensjonen min. Kva skal eg gjere?

Dersom du ønskjer at Nav skal trekkje meir skatt av pensjonsutbetalinga di, kan du gå til www.nav.no og velje sjølvbeteningsløysinga 'Ditt Nav'. Gå til Din Pensjon og så Din Profil - inntekt og skatt. Legg inn det du ønskjer at Nav skal trekkje i tilleggstrekk (kronebeløp) kvar månad, og klikk på 'lagre'.

Du kan også sende brev til Nav. Du finn meir informasjon å auke skattetrekket på pensjonen på Skatteetaten.no.

Kor stort er grunnbeløpet?

På nettsidene til Nav finn du ein oversikt over grunnbeløp frå 1967 og fram til i dag.

Det er Stortinget som årleg vedtek det endelige grunnbeløpet, som regel i midten av juni.

Korleis kan eg rekne ut kor mykje eg får i alderspensjon?

Nettenesta Din pensjon gir deg informasjon om alderspensjonen din frå folketrygda og tenestepensjonen frå dei største offentlege og private leverandørane av tenestepensjon. I Din pensjon kan du planleggje eigen pensjon og søkje om alderspensjon frå folketrygda elektronisk. Det nye regelverket for alderspensjon er inkludert i tenesta. Du finn meir informasjon om Din pensjon og innlogging på nettsidene til Nav.

Dersom du ikke har høve til å logge deg inn i Din pensjon, kan du bruke ein forenkla pensjonskalkulator som reknar ut pensjonen utan bruk av personlege data.

Statens pensjonskasse har ein eigen pensjonskalkulator, like eins Kommunenes landspensjonskasse.

Kvar kan eg få informasjon om fleksibel alderspensjon?

nettsidene til NAV finn du informasjon om det nye regelverket for alderspensjon som blir innført gradvis fra 2010. Du kan også bruke nettenesta Din pensjon på nav.no eller ringe NAV på telefon 21 07 40 00.

Gå til toppen

Personskatt

Blir det trekt skatt av lønn og pensjon i desember?

Skattepliktige med månadslønn skal ha halvt skattetrekk i desember. Pensjonistar blir ikkje trekte i skatt i pensjonsutbatalinga for desember. Dette trekkfritaket gjeld likevel ikkje for kildeskatt på pensjon.

Skatteoppkrevjarkontoret (kommunekasseraren, kemneren) i kommunen din kan gje meir informasjon.

Eg skal betale inn skatt og treng eit KID-nummer. Kva gjer eg?

Du kan få laga eit KID-nummer for innbetaling av skatt på nettsidene til skatteetaten. KID-nummeret kan brukast til fleire typar innbetalingar, som forskotstrekk, restskatt og arbeidsgjevaravgift. Både arbeidsgjevarar, selskap og personlege skatteytarar kan bruke tenesta.

Eg ønskjer at Nav skal trekkje meir skatt av pensjonen min. Kva skal eg gjere?

Dersom du ønskjer at Nav skal trekkje meir skatt av pensjonsutbetalinga di, kan du gå til www.nav.no og velje sjølvbeteningsløysinga 'Ditt Nav'. Gå til Din Pensjon og så Din Profil - inntekt og skatt. Legg inn det du ønskjer at Nav skal trekkje i tilleggstrekk (kronebeløp) kvar månad, og klikk på 'lagre'.

Du kan også sende brev til Nav. Du finn meir informasjon å auke skattetrekket på pensjonen på Skatteetaten.no.

Kan eg sleppe å levere sjølvmeldinga?

Lønnstakarar og pensjonistar som ikkje har endringar eller tillegg til den førehandsutfylte sjølvmeldinga, slepp å levere ho. Les meir om fritak for å levere sjølvmeldinga på nettsidene til skatteetaten.

Kor mykje kan eg tene før eg skal betale skatt?

I 2012 er fribeløpet for ungdom 39 950 kroner. Kjem du til å tene meir enn det, kan du anten bruke frikortet først og deretter trekkje skatt av det overskytande, eller du kan skaffe deg vanleg skattekontort med ein gong.

Du kan bestille frikort, skattekort og endre skattekortet på nettsidene til skatteetaten . Treng du meir informasjon, kan du ta kontakt med skattekontoret.

Korleis søkjer eg om utsetjing av innlevering av sjølvmeldinga?

Du kan ta kontakt med skattekontoret på telefonnummer 800 80 000. Tast 1 og forklar situasjonen.

For den enkelte skattyteren, selskapet og næringsdrivande som har elektronisk ID, er det mogleg å gå inn via Altinn og søkje elektronisk om 14 dagars utsetjing av innlevering av sjølvmeldinga. Gå til skjema for privatpersonar eller skjema for næringsdrivande .

Kva er fristen for å levere sjølvmeldinga for lønnstakarar og pensjonistar?

For lønnstakarar og pensjonistar er fristen for å levere sjølvmeldinga 30. april . Du kan levere sjølvmeldinga via nettsidene til skatteetaten eller i papirform. Du kan også velje å få sjølvmeldinga og skatteoppgjeret kun elektronisk .

Dersom du ikkje har endringar eller tillegg til den førehandsutfylte sjølvmeldinga, kan du sleppe å levere sjølvmeldinga.

Du finn meir informasjon om datoar og fristar i skattekalender for lønnstakarar og pensjonistar på nettsidene til skatteetaten.

Kvar får eg tak i skattekort?

Du kan bestille skattekort på nettsidene til skatteetaten.

Kvar kan eg tipse om skattesnusk?

Du kan formidle tips og opplysningar til skattekontoret . Slike tips kan du gje skriftleg eller på telefon 800 80 000. Tipsa kan godt vere anonyme. Det viktige er at tipset inneheld så konkrete opplysningar at skattekontoret har grunnlag for å undersøke saka nærmare.

Når kjem skatteoppgjeret?

Dei fleste lønstakarar og pensjonistar får skatteoppgjeret i juni. Har du pengar til gode, blir dei utbetalte kort tid etter. Ein del skatteytarar samt næringsdrivande og selskap får skatteoppgjeret i oktober.

Les meir om skatteoppgjeret på nettsidene til skatteetaten. Der finn du også skattekalender for lønnstakarar og pensjonistar med informasjon om datoar og fristar.

Gå til toppen

Politisaker

Kvar finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet?

Du finn ei oversikt over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet.

Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing. Tenesta er gratis og blir tilbydd i alle kommunane i landet. Det er uforpliktande for dei som tek kontakt, og konfliktrådet har teieplikt.

Konfliktrådet hjelper med å løyse tvistar ved mekling. Nabokonfliktar, familietvistar og saker knytt til arbeidsforhold, underslag, arv og skifte er døme på saker konfliktrådet kan hjelpe med .

Kven kan få valdsalarm og korleis?

Har du vore eller er utsett for vald eller alvorlege trugsmål, bør du melde frå til politiet. Politiet skal då vurdere behovet for vernetiltak. Aktuelle tiltak kan vere å utstyre deg med mobil valdsalarm som varslar politiet når du utløyser han. Andre tiltak kan vere besøksforbod og vern av personopplysningar. Les meir om familievald på nettsidene til politiet, og kontakt politiet på telefon 02800 for å få nærmare opplysningar.

Gå til toppen

Religion og livssyn

Har eg rett til fri frå arbeidet ved religiøse høgtider etter min religion?

Du har rett til opptil to dagar fri frå arbeidet i samband med religiøse høgtider etter din religion. Dette gjeld for dei som ikkje høyrer til Den norske kyrkja. Arbeidsgjevaren din har rett til å krevje at du arbeider inn att desse fridagane. Du må varsle om slike fridagar seinast 14 dagar på førehand. Du finn reglane om dette i Lov om trudomssamfunn og ymist anna.

Korleis finn eg ut om eg er medlem i statskyrkja?

Du kan kontakte Kyrkerådet for å få informasjon om du er oppført i medlemsregisteret til Den norske kyrkja. Du finn meir informasjon om medlemskap på Kyrkja.no.

Kvar finn eg informasjon om gravferdsseremoniar?

Trus- og livssynssamfunn kan gje informasjon. Informasjon om gravferd i regi av Den norske kyrkja finn du på kyrkja.no . Ønskjer du ein gravferdsseremoni utan religiøst innhald, kan du velje humanistisk gravferd.

Kvar finn eg informasjon om utmelding av statskyrkja?

Du finn utmeldingsskjema og informasjon om utmelding av statskyrkja på nettsidene til Den norske kyrkja. For å melde deg ut kan du anten møte fram på prestekontoret i det prestegjeldet der du er busett eller sende skriftleg melding til prestekontoret. Du må oppgje fødselsnummer. Finn ut kva prestegjeld du høyrer til på nettsidene til Den norske kyrkja.

Dersom du ikkje er døypt, er du heller ikkje medlem av Den norske kyrkja. Du kan ta kontakt med Kyrkjerådet for å kontrollere om du eventuelt er feilaktig oppført i medlemsregisteret til Den norske kyrkja.

Kvar kan gravlegging skje?

Det er nedfelt i gravferdslova at alle borgarar skal gravleggjast (i kiste) eller bisetjast (i urne) på gravlunden (kyrkjegarden). Det er gratis å bli gravlagt i bustadkommunen. Mot eit kommunalt gebyr kan gravlegging skje i andre kommunar etter søknad frå pårørande.

Fylkesmannen avgjer søknader om askespreiing på høgfjellet eller havet. Les meir om gravlegging i gravferdslova .

Skal flagget på heil eller halv stang når det er gravferd og offisiell flaggdag på same dag?

Det er ikkje noko regelverk som gjev svar på dette spørsmålet. Det blir i slike tilfelle opp til leiinga ved institusjonen eller den statlege verksemda å avgjere kva som blir det viktigaste. Og for t.d. ein sjukeheim vil truleg omsynet til den avdøde vege tyngst. Så lenge ein flaggar anten på heil eller halv stang, gjer ein ikkje noko galt.

Treng de meir råd om flagging, kan de kontakte diplomatseksjonen i avdeling for kultur, noregsfremme og protokoll i Utanriksdepartementet.

Gå til toppen

Rettslege spørsmål

Kor stor er inkassosatsen?

Du finn beløpet i forskrift om inkassosatsen . Les meir om inkasso på nettsidene til Forbrukarrådet.

Kor stort er rettsgebyret?

Du finn satsen for rettsgebyret på Domstol.no.

Kvar finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet?

Du finn ei oversikt over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet.

Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing. Tenesta er gratis og blir tilbydd i alle kommunane i landet. Det er uforpliktande for dei som tek kontakt, og konfliktrådet har teieplikt.

Konfliktrådet hjelper med å løyse tvistar ved mekling. Nabokonfliktar, familietvistar og saker knytt til arbeidsforhold, underslag, arv og skifte er døme på saker konfliktrådet kan hjelpe med .

Kvar finn eg namsmannen?

I dei fleste kommunar er det lensmannen som fungerer som namsmann. Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim, Fredrikstad, Skedsmo, Asker og Bærum, Tønsberg og Nøtterøy, Kristiansand, Sandnes og Tromsø og Karlsøy har eigen namsfogd.

Du kan finne ut kva namsmann eller namsfogd du høyrer til ved å klikke på 'Ditt nærområde' i toppmenyen på Noreg.no. Skriv inn kommunenamn eller postnummer, og du får opp namsmannen i lista på sida.

Noreg.no har også ei oversikt over kontaktinformasjon til alle namsmennene/namsfogdane i landet .

Kvar kan eg få informasjon om fri rettshjelp?

Fri rettshjelp betyr at staten heilt eller delvis kan dekkje utgiftene til advokathjelp. Treng du fri rettshjelp, kan du kontakte advokat, Fylkesmannen i fylket ditt eller domstolane . Bur du i Oslo, kan du også kontakte Fri rettshjelp-kontoret .

Du finn informasjon om fri rettshjelp på nettsidene til Fylkesmannen og på Rettsrad.no . Lov om fri rettshjelp finn du på Lovdata.no.

Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri saksførsle.

Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang, til dømes utforming av søknader og klager og korrespondanse med motpart. Rettsråd omfattar også rein rådgjeving frå advokat.

Fri sakførsle er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I nokre saker kan du få fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue. I andre saker er det eit vilkår at du er under visse inntekts- og formuesgrenser .

Gå til toppen

Samfunn

Kan eg vere statsborgar i to land på same tid?

Du finn informasjon om dobbelt statsborgarskap på nettsidene til Utlendingsdirektoratet (UDI).

Kor mange er tilsette i staten?

145 830 personar var tilsette i det statlege tariffområdet per 1. mars 2011 . Talet omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får lønns- og arbeidsvilkår fastsette etter staten sitt lønnsregulativ. Talet omfattar derfor ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap, statlege stiftelsar eller andre organisasjonar som staten eig, og heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar på kategorilønn og personar lønna per time eller etter overeinskomst.

Talet er henta frå ei oversikt i vedlegg 1 i Prop. 1 S (2011–2012) frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Oversikta over tilsette i staten viser mellom anna kjønnsfordeling på heiltid, deltid og årsverk.

Kor mange kommunar er det i Noreg?

Det er 429 kommunar i Noreg (pr. 1. januar 2012).

Du finn du ei oversikt over alle kommunane i landet via 'Finn myndigheit' i toppmenyen på Noreg.no.

Korleis kan eg bli norsk statsborgar?

Norsk statsborgar blir ein ved fødsel eller adopsjon. Ein kan også få norsk statsborgarskap ved melding eller ved søknad. Du finn informasjon om statsborgarskap på nettsidene til Utlendingsdirektoratet (UDI).

Korleis kan eg delta i frivilleg arbeid?

Det finst mange ulike frivillege organisasjonar du kan delta i. FrivillighetNorge er eit samarbeidsforum for hele frivilleg sektor med meir enn 250 medlemsorganisasjonar.

Kva land har euro som valuta?

Euro er pr. april 2012 innført som valuta i 17 EU-land: Belgia, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kypros, Luxenburg, Malta, Nederland, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Tyskland og Østerike.
I tillegg er euro også offisiell valuta i nokre statar og område utanfor EU.

Du kan lese meir om euro på nettsidene til EU-kommisjonen (engelsk).

Kvar finn eg ei oversikt over offisielle flaggdagar?

Du finn ei oversikt over offisielle flaggdagar i 'forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget'.

Kvar finn eg folkeregisteret?

Folkeregisteret er ein del av skattekontoret . Telefonnummeret til skattekontora er 800 80 000.

Kvar finn eg telefonnummer til asylmottaka i landet?

Du finn telefonnummer og adresser til asylmottaka i landet på nettsidene til Utlendingsdirektoratet.

Kvar får eg tak i ein godkjend translatør?

Du kan finne godkjende translatørar på nettsidene til Statsautoriserte translatørers forening . Dei fleste translatørane er autoriserte i eitt språk, og til saman kan medlemmene i foreininga omsetje til 29 språk.

Kvar på nettet finn eg statsbudsjettet?

Statsbudsjettet finn du på nettstaden www.statsbudsjettet.no. Du kan bestille papirutgåva av statsbudsjettet frå Fagbokforlaget, avdeling offentlige publikasjoner, telefon 55 38 66 00, e-post offpub@fagbokforlaget.no .

Offentlege etatar bestiller papirutgåva frå Servicesenteret for departementa , telefon 22 24 20 00.

Når tek sommartida til?

Sommartida tek til kl. 02.00 siste søndag i mars. Då skal klokka stillast ein time fram, frå 02.00 til 03.00.

Med sommartid meiner ein den perioden av året då klokka skal stillast ein time fram i forhold til resten av året. Noreg er gjennom EØS-avtalen knytt opp til EU sitt regelverk på dette området. Les meir i forskrift om sommartid .

Sommartida tek slutt kl. 03.00 siste søndag i oktober. Då skal klokka stillast ein time tilbake, altså frå 03.00 til 02.00.

Har du problem med å hugse kva veg klokka skal stillast? Ein god hugseregel - klokka skal alltid stillast mot næraste sommar.

Gå til toppen

Samliv

Eg skal gifte meg i Noreg med ein utanlandsk statsborgar. Korleis går vi fram?

Dei som skal gifte seg, må ha lovleg opphald i Noreg. Når føremålet med opphaldet er å gifte seg, kan den utanlandske statsborgaren søkje om trulovingsløyve ('forlovedetillatelse'), som er eit mellombels opphaldsløyve på seks månader. Søknaden må som hovudregel sendast frå heimlandet til søkjaren. Du finn informasjon om trulovingsløyve på nettsidene til Utlendingsdirektoratet.

Utanlandske statsborgarar må ha ekteskapsattest frå heimlandet. På engelsk heiter attesten 'Certificate of no impediment to marriage'. Dette er ein attest som viser at det ikkje er noko som hindrar vedkommande i å gifte seg.

Hovedregelen for godkjenning av dokument frå land utanfor Norden er at originaldokumentet må vere legalisert av myndigheitene i heimlandet

Skatteetaten har utfyllande informasjon på nettsidene sine. Lenkjer til skjema finn du på regjeringa.no.

Alle skjema og attestar skal leverast til skattekontoret .

Kvar finn eg kontaktinformasjon til familiekontoret?

Du finn ei oversikt over familiekontora i landet på nettsidene til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat.no).

Du kan også finne ut kva familiekontor du høyrer til ved hjelp av Noreg.no. Skriv inn kommunenamn eller postnummer i feltet og klikk på Familievernkontor i den lista du får opp.

Kvar finn eg skjema for sambuarerklæring?

Skjema for sambuarerklæring og avtale om foreldreansvar finn du på nettsidene til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Treng du å stadfeste sambuarskap, kan du tinge bustadattest frå skattekontoret .

Kvar finn eg søknadsskjema for separasjon og skilsmisse?

Du finn søknadsskjema for separasjon og skilsmisse i Statleg blankettarkiv. Fylkesmannen i fylket ditt har også skjemaet, og her kan du få nærare informasjon. Det er Fylkesmannen som innvilgar søknaden.

Les meir i brosjyren Separasjon og skilsmisse.

Kvar kan eg finne forslag til sambuarkontrakt?

På Internett ligg det fleire forslag til korleis ein sambuarkontrakt kan bli utforma. Jurk har utarbeidd denne sambuaravtalen. Andre forslag til sambuarkontraktar finn du på Internett ved hjelp av ein søkemotor.

Det er inga generell likebehandling av sambuarar og ektepar i lovverket. Sambuarar blir behandla som ektefellar på enkelte område og som einslege på andre.

Sambuarar utan felles barn må skrive testament dersom dei skal arve kvarandre. Sambuarar med felles barn har ein avgrensa rett til arv og uskifte. Forslag til utforming av gjensidig testament finn du på nettet ved hjelp av ein søkemotor.

På nettsidene til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet kan du finne informasjon om sambuarar, økonomiske forhold mellom sambuarar, rettar og plikter for sambuarar med barn m.m.

Kvar kan eg få kopi av vigselsattesten min?

Dersom du treng kopi av vigselsattesten din, skal du ta kontakt med skattekontoret , telefonnummer 800 80 000. Dei som har gifta seg før 1. oktober 2004, må venda seg til vigslar.

Vi er to utanlandske statsborgarar som ønskjer å gifte oss i Noreg. Korleis går vi fram?

Alle som vil gifte seg i Noreg, må ha lovleg opphald i landet. Informasjon om opphaldsløyve og kva som er lovleg opphald, finn de på nettsidene til UDI.

Utanlandske statsborgarar må ha ekteskapsattest frå heimlandet, eventuelt siste bustadland. På engelsk heiter attesten 'Certificate of no impediment to marriage'. Dette er ein attest som viser at det ikkje er noko som hindrar vedkommande i å gifte seg. Hovudreglen for godkjenning av dokument frå land utanfor Norden er at originaldokumentet må vere påført apostille eller vere legalisert.

De finn informasjon om korleis de skal gå fram på Skatteetaten.no. Skjema finn de på Regjeringa.no.

Alle skjema og attestar skal sendast til Skatt nord , Postboks 6310, 9293 Tromsø.

Ta kontakt med landet dykkar sin ambassade i Noreg for å få vite kva krav som blir stilt til vigselsattesten for at ekteskapet kan bli godkjent i heimlandet dykkar. Det kan til dømes vere krav om at vigselsattesten må vere påført apostille eller legalisering frå norske myndigheiter eller at han må vere omsett av ein offentleg godkjent translatør .

Vi har gifta oss i utlandet. Korleis får vi registrert ekteskapet i Noreg?

Dei som giftar seg i utlandet for utanlandsk myndigheit, må sjølve melde frå til folkeregisteret (skattekontoret) og vise fram vigselsattest eller prov på at ekteskapet er inngått.

Vigselattestar frå land utanom Norden, skal som hovudregel ha påført apostille eller vere legalisert av myndigheitene i det landet der de gifta dykk.

Dersom vigselsattesten er på eit anna språk enn engelsk eller eit av dei nordiske språka, må ein sjølv ta med ei omsetjing utført av offentleg godkjent translatør.

Dersom folkeregisteret finn at ekteskapet er gyldig etter norsk lov, blir ekteskapet registrert. Finn derimot folkeregisteret at ekteskapet ikkje er gyldig etter norsk lov, vil ekteskapet ikkje bli registrert i folkeregisteret. Vi tilrår at de får avklart dette i god tid før vigsla.

Vi skal gifte oss i utlandet. Kva dokument treng vi?

Skal de gifte dykk for utanlandsk myndigheit, må de sjølve undersøkje kva dokumentasjon vedkommende land krev. Ta kontakt med landet sin ambassade i Noreg for å få informasjon om dette.

Mange land krev ekteskapsattest (prøvingsattest) frå heimlandet. Du kan søkje om å få ein ekteskapsattest frå skattekontoret ved å sende inn skjema 'Erklæring frå brudefolka' og 'Forlovarerklæring'. Dei som har vore gifte før, må også sende inn 'Erklæring om skifte'. Du finn alle skjema her. I nokre tilfelle blir det kravd ytterlegare informasjon. Sjå rettleiinga på skjemaet 'Erklæring frå brudefolka'.

Ekteskapsattesten kan skrivast ut på norsk, engelsk, tysk, spansk, fransk eller italiensk. Gje beskjed til skattekontoret om kva språk du ønskjer attesten på.

De finn meir informasjon om å gifte seg i utlandet på nettsidene til skatteetaten.

Skal de gifte dykk ved ein norsk ambassade eller utanriksstasjon, gjeld dei same reglane som i Noreg. Landsidene til Utanriksdepartementet har ei oversikt over kva ambassadar og utanriksstasjonar som har myndigheit til å vigsle.

Vi skal gifte oss. Kva dokument treng vi?

Brudefolka må fylle ut 'Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra' (Q-0150).

Forlovarane må fylle ut 'Forlovarerklæring' (Q-0151).

Dersom ein eller begge har vore gifte eller vore part i eit registrert partnarskap tidlegare, må vedkommande fylle ut 'Erklæring om skifte' (Q-0160). Dersom det er mindre enn to år sidan siste ekteskap eller partnarskap vart oppløyst, blir det kravd erklæring frå tidlegere ektefelle/partnar eller arvingar.

Ønskjer de å skifte namn i samband med vigsla, sender de inn skjemaet 'Melding om endring av namn'.

De finn meir informasjon og skjema på Skatteetaten.no.

Utfylte skjema skal sendast til skattekontoret.

Etter at skattekontoret har motteke og behandla erklæringane, skriv dei ut ein prøvingsattest. Prøvingsattesten seier mellom anna at de er dei personane som de gjev dykk ut for å vere, at de er over 18 år og at de ikkje er gifte frå før.

Prøvingsattesten skal leggjast fram for den som skal vigsle dykk. Etter vigsla får de den endelege vigselsattesten tilsendt frå skattekontoret.

Du finn utfyllande informasjon på nettsidene til skatteetaten.

Vi ønskjer å gifte oss ved ein norsk ambassade. Korleis går vi fram?

Eit par kan bli vigd ved ein norsk utanriksstasjon når minst ein av brudefolka er norsk statsborgar. Ingen av brudefolka kan vere borgar av det landet der utanriksstasjonen ligg.

På landsidene til Utanriksdepartementet finn de meir informasjon om korleis ein skal gå fram for å gifte seg ved ein norsk utanriksstasjon . Der finn de også ei oversikt over norske utanriksstasjonar med fullmakt til å vigsle.

De finn meir informasjon og skjema på Skatteetaten.no.

Send utfylte skjema til skattekontoret.

Når skattekontoret har behandla erklæringane, får de tilsendt ein ekteskapsattest (prøvingsattest). Dette er ein attest som viser at det ikkje er noko til hinder for ekteskap. Prøvingsattesten skal leggjast fram for den som skal føreta vigselen.

Gå til toppen

Skattar og avgifter

Eg arbeider ikkje i Noreg lenger. Kvifor får eg tilsendt skattekort?

Grunnen til at du framleis får tilsendt skattekort er truleg at arbeidsgjevaren har gløymt å gje skatteetaten melding om at arbeidsforholdet er avslutta. Ta kontakt med den tidlegare arbeidsgjevaren din for å undersøke om han har sendt inn skjemaet RF-1199 . Det er det same skjemaet som blir brukt ved tilsetjing av utanlandske arbeidstakarar. Du kan også kontakte Sentralskattekontoret for utanlandssaker .

Kan eg sleppe å levere sjølvmeldinga?

Lønnstakarar og pensjonistar som ikkje har endringar eller tillegg til den førehandsutfylte sjølvmeldinga, slepp å levere ho. Les meir om fritak for å levere sjølvmeldinga på nettsidene til skatteetaten.

Korleis søkjer eg om utsetjing av innlevering av sjølvmeldinga?

Du kan ta kontakt med skattekontoret på telefonnummer 800 80 000. Tast 1 og forklar situasjonen.

For den enkelte skattyteren, selskapet og næringsdrivande som har elektronisk ID, er det mogleg å gå inn via Altinn og søkje elektronisk om 14 dagars utsetjing av innlevering av sjølvmeldinga. Gå til skjema for privatpersonar eller skjema for næringsdrivande .

Kva er fristen for å levere sjølvmeldinga for lønnstakarar og pensjonistar?

For lønnstakarar og pensjonistar er fristen for å levere sjølvmeldinga 30. april . Du kan levere sjølvmeldinga via nettsidene til skatteetaten eller i papirform. Du kan også velje å få sjølvmeldinga og skatteoppgjeret kun elektronisk .

Dersom du ikkje har endringar eller tillegg til den førehandsutfylte sjølvmeldinga, kan du sleppe å levere sjølvmeldinga.

Du finn meir informasjon om datoar og fristar i skattekalender for lønnstakarar og pensjonistar på nettsidene til skatteetaten.

Kva er satsane for meirverdiavgift?

Meirverdiavgift (moms, mva.) skal betalast ved omsetning av dei fleste varer og tenester. Satsen er generelt 25 prosent. Det er eigne satsar for omsetning av mat- og drikkevarer, kinobillettar, persontransport og kringkastingsavgift. Du finn desse satsane og meir informasjon om meirverdiavgift på nettsidene til skatteetaten.

Kvar finn eg ei oversikt over satsane for årsavgift?

Du finn ei oversikt over satsane for årsavgifta på nettsidene til tollvesenet.

Kvar kan eg tipse om skattesnusk?

Du kan formidle tips og opplysningar til skattekontoret . Slike tips kan du gje skriftleg eller på telefon 800 80 000. Tipsa kan godt vere anonyme. Det viktige er at tipset inneheld så konkrete opplysningar at skattekontoret har grunnlag for å undersøke saka nærmare.

Må eg betale toll av gåver eg får frå utlandet via posten?

Sendingar frå utlandet med gåver mellom privatpersonar er toll- og avgiftsfrie så lenge verdien av sendinga er under 1000 kr. Men sendingar med restriksjonar eller særavgifter (til dømes tobakksvarer eller alkoholhaldige drikkevarer) må fortollast på vanleg måte.

For varer frå utlandet er grensa for toll- og avgiftsfritak 200 kr.

Les meir om fortolling av sendingar til privatpersonar på nettsidene til posten og om gåver frå utlandet på nettsidene til Tollvesenet.

Må eg betale toll av varer eg har kjøpt frå utlandet via Internett?

Sendingar frå utlandet med vareverdi inntil 200 kr er toll- og avgiftsfrie med visse unntak. Frakt for vara kan komme i tillegg. Bøker, uansett verdi, kan privatpersonar importere toll- og avgiftsfritt så lenge dei er til eige bruk.

Dersom verdien av vara er over 200 kr, må vara fortollast. Det vil seie at du må betale meirverdiavgift (moms) på vara, mendan dei fleste varegruppene er tollfrie. Men klede må du også betale toll på. Toll og avgifter blir rekna ut frå verdien til vara inkludert frakt- og eventuelle forsikringskostnader.

Varer mellom 200 og 1000 kr som det ikkje blir kravd særavgifter eller spesielle løyve for å importere, kan du fortolle sjølv via nettsidene til tollvesenet, Toll.no, eller ved å møte opp hos tollvesenet. Du kan også fortolle vara på posten .

Kostar vara over 1000 kr, må ho fortollast anten hos firmaet som transporterer eller mottek vara i Noreg (speditøren), eller ved at du møter opp hos tollvesenet. Varer over 1000 kroner kan ikkje fortollast på Toll.no.

Du finn meir informasjon om fortolling på Toll.no.

Når kjem skatteoppgjeret?

Dei fleste lønstakarar og pensjonistar får skatteoppgjeret i juni. Har du pengar til gode, blir dei utbetalte kort tid etter. Ein del skatteytarar samt næringsdrivande og selskap får skatteoppgjeret i oktober.

Les meir om skatteoppgjeret på nettsidene til skatteetaten. Der finn du også skattekalender for lønnstakarar og pensjonistar med informasjon om datoar og fristar.

Gå til toppen

Skule og utdanning

Korleis kan eg få utdanninga mi frå utlandet godkjend i Noreg?

For å få vurdert om den utanlandske utdanninga di blir likestilt med høgare norsk utdanning, må du sende ein søknad til Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Dei vurderer omfanget av utdanninga og kva det tilsvarar i studiepoeng, studieår eller om det tilsvarar eit bachelor- eller masterstudium i Noreg. For å få utdanninga godkjent må ho ha vore teken ved ein godkjend eller akkreditert høgare utdanningsinstitusjon i utlandet. Blir utdanninga godkjend, vil du få tilsendt eit godkjenningsdokument som du kan bruke ved søknad på stillingar

Treng du å få godkjent at det faglege innhaldet i den utanlandske utdanninga di kan vere ein del av eit vidare utdanningsløp i Noreg, må du kontakte skulen eller universitetet der du vil ta vidare studium.

Har du ei fag- eller profesjonsutdanning frå utlandet som for eksempel lærar eller lege, må du få utdanninga autorisert av eit godkjenningskontor for å kunne praktisere i tilsvarende yrke i Noreg.

Kvar finn eg adresser til skular og barnehagar?

Adresser til barnehagar, grunnskular og andre skuleslag finn du på Pedlex Norsk Skoleinformasjon.

Kvar finn eg ei oversikt over feriane i skuleåret?

Du finn skuleruta for 2011–2012 på nettsidene til KS. For å vere trygg på at ruta ikkje er endra bør du kontakte skuleeigaren, dvs. den kommunen eller fylkeskommunen som skulen høyrer til.

Kvar finn eg ei oversikt over norske skular i utlandet?

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har tilsyn med norske skular i utlandet, og du finn ei oversikt over skulane på nettsidene til Fylkesmannen. Ver også merksam på nettstaden Globalskolen.no som mellom anna gjev nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og RLE for elevar i grunnskulealder.

Kvar får eg tak i ein godkjend translatør?

Du kan finne godkjende translatørar på nettsidene til Statsautoriserte translatørers forening . Dei fleste translatørane er autoriserte i eitt språk, og til saman kan medlemmene i foreininga omsetje til 29 språk.

Kvar kan eg få ei oversikt over legat og stipend?

Legathandboka inneheld ei oversikt over legat, stipend og andre støtteordningar for utdanning, forsking, idrett, kultur m.m. Du finn Legathåndboka gratis på nettet, eller til sals i bokform. Du finn også informasjon om legat på Legatsiden.no. Informasjon om ordningane til Statens lånekasse finn du her .

Vi bur utanlands. Finst det tilbod om norskundervisning for barn på nettet?

Nettstaden Globalskolen.no gjev nettbasert opplæring i mellom anna norsk, samfunnsfag og religion, livsyn og etikk (RLE) på første til tiande årstrinn.

Elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller utlandet kan få statsstøtte til kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag, og RLE. Du finn informasjon og søknadsskjema på nettsidene til Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Der finn du også ei oversikt over norske skular i utlandet .

Gå til toppen

Trafikant

Eg har utanlandsk førarkort. Er dette gyldig i Noreg?

Det er ulike reglar for dei som har førarkort frå land i EØS-området og dei med førarkort skrive ut utanfor dette området. På nettsidene til Statens vegvesen kan du lese meir om innbyte av utanlandsk førarkort og om vilkåra for bruk av utanlandsk førarkort i Noreg . Kontakt den lokale trafikkstasjonen dersom du ønskjer meir informasjon.

Eg vil klage på ei parkeringsbot. Korleis går eg fram?

Lovverket skil mellom offentleg og privat parkeringsverksemd.

Dersom du er ilagt gebyr frå eit offentleg parkeringsselskap, sender du klage til den kommunen som har gjeve gebyret. Er gebyret skrive ut på blankettar fra Statens innkrevjingssentral, skal du sende klage til politiet på staden. Får du ikkje medhald i klaga, kan du bringe saka inn for tingretten. Les meir i forskrifta som regulerer offentleg parkeringsverksemd.

Er du ilagt bot av eit privat parkeringsselskap, sender du klage til Parkeringsklagenemnda.

Det er Forbrukarrådet som i samarbeid med Forbrukarombodet og bransjeorganisasjonane til parkeringsselskapa har utarbeidd reglar for private parkeringsselskap. Parkeringsklagenemnda behandlar klager knytte til brot på dette regelverket, men berre klager på gebyr som er skrive ut av parkeringsverksemder som er medlemmer i Norpark eller Parkinor. På forbrukerportalen.no finn du ei oversikt over parkeringsselskap som er medlemmer .

Klagebehandlinga i nemnda er gratis.

Finst det ei oversikt over bompengestasjonar?

Du finn ei oversikt over bomvegselskap og ferjestrekningar som har teke i bruk autopass-systemet på nettstaden Autopass.no. Andre bompengeanlegg og ferjestrekningar finn du ved å søkje på den enkelte vegstrekningen på nettstaden Visveg.no .

Alle nye anlegg skal ha autopass. Det er Statens vegvesen som har ansvaret for autopass-ordninga .

Har eg rett på honnørrabatt?

Du finn informasjon om dette i Samferdsledepartementet sin brosjyre Honnørrabatt . Der finn du òg informasjon om kva typar transportmiddel rabatten gjeld, og opplysningar om kva ordninga med honnørrabatt ikkje dekkjer.

Kvar er det vorte av Biltilsynet?

"Biltilsynet" har skifta namn til trafikkstasjon. Stadnamnet står først, som til dømes Odda trafikkstasjon. Du kan finne den lokale trafikkstasjonen din på Noreg.no eller på nettsidene til Statens vegvesen .

Namneendringa frå "Biltilsynet" til trafikkstasjon skjedde i 1995. Ver merksam på at biltilsynet.no ikkje er ein offentleg nettstad.

Kvar finn eg informasjon om førarkort?

Statens vegvesen har informasjon om førarkort. Kontakt trafikkstasjonen der du bur for nærare informasjon.

Kvar finn eg trafikkstasjonen eg høyrer til?

Du finn kva trafikkstasjon du høyrer til på Noreg.no.

Kvar får eg oversikt over prikkbelastning i førarkortet mitt?

Dersom du ønskjer å sjekke om du har fått prikkar i førarkortet, må du møte opp på ein politistasjon. Hugs å ta med legitimasjon. Statens vegvesen kan gje generell informasjon om prikkbelastning på 06650, men dei kan ikkje gje informasjon om du har prikkar eller ei.

Gå til toppen

Trafikk

Kvar er det vorte av Biltilsynet?

"Biltilsynet" har skifta namn til trafikkstasjon. Stadnamnet står først, som til dømes Odda trafikkstasjon. Du kan finne den lokale trafikkstasjonen din på Noreg.no eller på nettsidene til Statens vegvesen .

Namneendringa frå "Biltilsynet" til trafikkstasjon skjedde i 1995. Ver merksam på at biltilsynet.no ikkje er ein offentleg nettstad.

Gå til toppen

Vaksenopplæring

Har eg rett til vaksenopplæring?

Er du over 16 år og treng grunnskuleopplæring, har du rett til gratis undervisning. Retten gjeld sjølv om du har fullført grunnskulen tidligare. Retten gjeld norske statsborgarar og utanlandske statsborgarar som har permanent opphaldsløyve. Ta kontakt med kommunen din for å få meir informasjon.

Frå og med det året du fyller 25 år har du som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, men ikkje fullført vidaregåande opplæring, etter søknad rett til dette (vaksenrett). Fylkeskommunen i det fylket du bur i, har utfyllande informasjon.

Kvar finn eg kontaktadresser til inntakskontora?

Du finn kontaktinformasjon til inntakskontoret for vidaregåande opplæring i kvart fylke på nettportalen vilbli.no.

Gå til toppen

Vidaregåande opplæring

Har eg rett til vaksenopplæring?

Er du over 16 år og treng grunnskuleopplæring, har du rett til gratis undervisning. Retten gjeld sjølv om du har fullført grunnskulen tidligare. Retten gjeld norske statsborgarar og utanlandske statsborgarar som har permanent opphaldsløyve. Ta kontakt med kommunen din for å få meir informasjon.

Frå og med det året du fyller 25 år har du som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, men ikkje fullført vidaregåande opplæring, etter søknad rett til dette (vaksenrett). Fylkeskommunen i det fylket du bur i, har utfyllande informasjon.

Kan skulen krevje betaling for skuleturar?

Skulen kan ikkje krevje at kostnader til skuleturar skal bli dekka av elevane eller dei føresette. Men frivillig betaling og andre bidrag som kjem alle elevane til gode, har vore, og er framleis, lovlege.

Det er altså ingen ting i vegen for å samle inn pengar frå elevene så lenge elevane ikkje blir pålagde å betale. Det er også høve til å organisere dugnad, kakelotteri, kronerulling og liknande inn til ei klassekasse.

Du finn meir informasjon om skuleturar med bidrag frå elevane på nettsidene til Kunnskapsdepartementet.

Kvar finn eg adresser til skular og barnehagar?

Adresser til barnehagar, grunnskular og andre skuleslag finn du på Pedlex Norsk Skoleinformasjon.

Kvar finn eg ei oversikt over feriane i skuleåret?

Du finn skuleruta for 2011–2012 på nettsidene til KS. For å vere trygg på at ruta ikkje er endra bør du kontakte skuleeigaren, dvs. den kommunen eller fylkeskommunen som skulen høyrer til.

Kvar finn eg ei oversikt over norske skular i utlandet?

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har tilsyn med norske skular i utlandet, og du finn ei oversikt over skulane på nettsidene til Fylkesmannen. Ver også merksam på nettstaden Globalskolen.no som mellom anna gjev nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og RLE for elevar i grunnskulealder.

Kvar finn eg kontaktadresser til inntakskontora?

Du finn kontaktinformasjon til inntakskontoret for vidaregåande opplæring i kvart fylke på nettportalen vilbli.no.

Gå til toppen

Økonomiske ytingar

Har eg rett til bustønad og når er fristen for å søkje?

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter.

På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om bustønadsordninga , og du kan rekne ut kor stor bustønaden vert . Du finn også informasjon om tilskot og lån til bustadføremål frå Husbanken.

Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer den 10. i den etterfølgjande månaden.

Søknad om bustønad skal sendast til kommunen din. I Oslo sender du søknaden til bydelen din. Du finn søknadsskjema på nettsidene til Husbanken.

Korleis klagar eg på eit avslag om sosialhjelp?

Klage på eit avslag på søknad om sosialhjelp skal du sende til NAV-kontoret som har avslege søknaden. Du kan også klage dersom du berre delvis har fått innvilga søknaden eller stetta søknaden på ein annan måte enn det du ønskte.

Dersom NAV-kontoret ikkje gjer om vedtaket sitt, går klagen til Fylkesmannen. Du kan også klage på eit nytt vedtak som blir gjort.

På nettsidene til Statens helsetilsyn finn du meir informasjon .

Korleis klagar eg på eit avslag på bustønad?

Klage på avslaget skal du sende til kommunen din. Fristen er 3 veker frå den dagen du fekk vedtaket. Saksbehandlaren din i kommunen kan hjelpe deg å klage.

På nettsidene til Husbanken finn du meir informasjon om klage på bustønadsvedtak .

Kvar finn eg dei rettleiande sosialhjelpssatsane?

Du finn dei statlege rettleiande sosialhjelpssatsane for 2012 på nettsidene til Nav. Dei rettleiande retningslinjene omfattar utgifter til det vanlege, daglege livsopphaldet. Buutgifter, straum og oppvarming er ikkje tekne med. Dersom du ønskjer å få dekt også desse utgiftene, må du ta det opp med Nav.

Nav har både rett og plikt til å utøve skjønn når dei vurderer om det skal ytast stønad, og like eins ved fastsetjing av kor stor stønaden skal vere.

Du finn meir informasjon om sosialhjelp på nettsidene til Nav.

Kvar kan eg finne satsane for livsopphald under gjeldsordning?

Dei rettleiande livsopphaldssatsane for skuldnarar under gjeldsordning (gjeldsordningssatsane) blir regulert årleg pr. 1. juli. Satsane frå 1. juli 2010 gjeld framleis. Satsane blir brukte under gjeldsordning, og dei er rettleiande med omsyn til kva dei ulike hushaldningane bør ha att til å dekkje alminnelege forbruksutgifter. Stortinget har vedteke at gjeldsordningssatsane bør tilsvare 85 % av minstepensjonen.

På nettsidene til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet kan du lese meir om gjeldsordning og gjeldsrådgjeving . Namsmannen kan gje nærmare opplysningar om ordninga.